Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Misjon og kyrkje frå Vest - ny luthersk kyrkje, nytt rom i Dnk?

Nå står kyrkjemøtet 2016 for døra. Strid i kyrkja sette og sinn i rørsle for snart 100 år sidan. Dei vedtok å samla høg-kyrkjelege, låg-, u-, fri-, folke-, misjons- og statskyrkjelege til møte i Oslo!

"Åpen folkekirke" sette kristne sinn i rørsle over heile landet i 2015. Den store saka deira er å få aksept for vigsle og velsigning til samliv av to frå same kjønn i alle lokale kyrkjer som høyrer inn under Den norske kyrkja.

Sturla Stålsett har vore tydeleg på at han ønskjer å gjera Kyrkjerådet og Bispedømmeråda liberale. Dei har for lenge sidan slutta å ha dialog med den konservative sida, og meiner dei har fått gjennomslag for sakene sine ved valet hausten 2015. Nå står kyrkjemøtet 2016 for døra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Strid i kyrkja sette og sinn i rørsle for snart 100 år sidan. Dei vedtok å samla høg-kyrkjelege, låg-, u-, fri-, folke-, misjons- og stats-kyrkjelege til møte i Oslo!

I heile landet vart til saman 950 representantar valde til Møtet i Calmeyer gate i Oslo 15.jan.1920. Professor Hallesby sa: “Berre den som er gjenfødd, som opplyst av Guds Ord og Ånd, har omvendt seg til Gud og har ei levande tru, kan driva teologi”. Flokken av 950 delegatar var einige om følgjande: “Me vil ikkje ha noko med liberal teologi å gjera innan vårt arbeid.”

Den liberale teologien i 1920 svikta i å sjå Bibelen som historisk sanning, når den formidlar frelsa til oss. Bibelen vert innafor liberal teologi gjerne myter me visstnok skal kunna læra noko av. Poenget deira var mellom anna at Jesus treng ikkje historisk å ha stått opp av grava, likevel kan han oppstå i våre hjerter, kva no det heilt eksakt skulle vèra for noko. Det finns inga levande kristentru utan at Jesus verkeleg, på historisk vis har stått opp frå dei døde.

Det let seg gjera å hevda at liberal teologi i 1920 ikkje var lik liberal teologi anno 2016. Men graden av alvor i situasjonen og utbreiinga av problemet er større idag enn i 1920. Følgjeleg burde reaksjonen frå levande kristne ha vore sterkare idag enn den var i 1920.

Moderne liberal teologi går i ikkje liten grad på etiske spørsmål, men den går og på korleis vi ser på Bibelen. Å sjå vekk frå ei tydeleg rettleiing i Bibelen om ekteskap, og å godta at heterofile bur saman og lever saman seksuelt utan å gifta seg, utan å kalla det for synd, er moderne liberal tankegang.

Det er likevel eit langt steg vidare bort frå bibelsk tankegang å hevda at to av same kjønn kan leva saman i seksuelt samliv. Å hevda at kyrkja skal laga liturgi for vigsling og velsigning til livsvarig samliv av slikt, er det motsette av kristendom og alvorleg synd. Både GT og NT er heilt eintydige på dette. Når nokon meiner dette ikkje er synd, kjem det av at liberal teologi ikkje tek Bibelen på alvor.

Det er klart at etisk liberalitet og dogmatisk liberalitet gjekk hand i hand i 1920 og gjer det i 2016. Slik sett er det ein klar samanheng mellom det som var teologisk konservativt i 1920 og i 2016.

På tradisjonelt teologisk konservativt hald høyrer ein gjerne idag: “Det er ikkje bra med debatt, folk kan bli støytt!” Kommentarar i preiker går på å roe ned! Bjørnson sa: “Dog fred er ei det beste, men at man noget vil!” Det var nok og dei 950 utsendingane i 1920 einige i. Vi lyt ta både Bjørnson og dei 950 til vårt hjerte og seia:”Me vil ikkje ha noko med liberal teologi å gjera i vårt kristne arbeid. Liberal teologi bryt ned kyrkja.” Med utgangspunkt i det teologiske klimaet vi lever med idag, er vi overtydde om at dette er ei nødvendig avgrensing.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei som skal leia, preika, koma med framlegg om tillitsvalde i den kristne kyrkja, må tru at Bibelen ikkje berre inneheld, men er Guds Ord til oss. Bibelen er gitt oss i den form og med det innhald Gud sjølv ville den skulle ha. Den gir oss eit korrekt bilete av den historiske åpenbaringa ved menneske, som vart inspirerte og opplærde av Gud vår Far, Son og Heilage Ande.

Dei som leier, forkynner, vel ut arbeidarar og kjem med framlegg om tillitsvalde i kyrkja, er døypte, omvende til Gud og har ei levande tru på Jesus Kristus.

I 1.Pet. 2,9 seier Peter: “Men De er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilag folk, eit folk Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.”

Dette ordet definerer kva det allmenne prestedømmet er. Dei som er døypte, har omvendt seg til Gud, lever i dagleg omvending og har ei levande tru på Jesus Kristus, dei høyrer med i dette presteskapet, enten dei er menn eller kvinner.

“Herren behøver hver mann og hver en kvinne. Høsten er stor og så få vi er!” Den som høyrer med i dette presteskapet, kan i utgangspunktet overta alle oppgåver i den kristne kyrkja, vigsla og frivillig, løna og uløna. Kyrkja skal, under bønn til Gud, leggja vekt på naturgaver, nådegaver, utdanning og praksis som kriterier for utval av tenarar i si kyrkje.

Hans Majestet Kong Haakon VII(1905-1957), som levde nøye med i det som skjedde i kyrkja, sa følgjande:”Det eneste som kan redde verden ut av vanskeligheter og alt det onde, er å vende tilbake til den gammeldagse kristendom, med de gamle kristne verdier, som må gjennomsyre et folk hvis vår kultur skal bestå.” Kilde: Illustrert Norsk Bibel-leksikon,1965.

Kong Haakon sine ord kunne ha summert opp felles forståing hjå dei 950 delegatane frå 1920, og orda hans har større aktualitet idag enn då dei vart sagt.

Lærar på Fjellhaug Misjonsskole, Cand. theol. Øivind Andersen, fortalde oss i klassa at då den liberale og nyleg tilsette Nidarosbiskop Jens Gran Gleditsch i 1923 møtte i audiens hjå Kong Haakon, stilte Kongen straks følgjande spørsmål: “Si meg Biskop Gleditsch, Hvem var Jesus?”

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gleditsch svara: “Det kommer ikke så meget an på hvem Jesus var, som på hva Jesus betyr for oss!”

Hans Majestet Kong Haakon VII svara Gleditsch på sin fine, dansk/norske dialekt: “God dag mann økseskaft! Audiensen er over!”

Det var Kong Haakon sin måte å følgje opp det einstemmige vedtaket av 950 representantar i Calmeyergata 1920. Kongen visste, ut frå det Gleditsch sa, at denne biskopen sansynlegvis ikkje verkeleg trudde at Jesus ikkje var Guds son, heller ikkje at han var fødd av Maria på underfull vis, eller at han verkeleg hadde stått opp av grava.

Kongen ville ikkje ha noko med den liberale teologien å gjera, difor ville han heller ikkje snakka med denne biskopen. Har vi noko å læra av Kong Haakon? Sjå statuen hans i Oslo på 7. juni plass, høgreist og sterk!

Med sitt mytteri og si liberale haldning har “Åpen folkekirke” sett bort frå Bibel og vedkjenning, difor vil me, som Hans Majestet Kong Haakon VII, ikkje snakka med dei eller ha noko med dei å gjera, deira valsiger er difor djupast sett ugyldig.

Likevel, dersom dei lukkast i sitt mytteri på kyrkjeskuta, må organisasjonar og enkeltmenneske innafor Dnk ta ansvar for, i samarbeid, å byggja opp ein Klassisk evangelikal luthersk kyrkjestruktur, som samlar frå miljøa rundt desse organisasjonane.

Om ein av dei tradisjonelt konservative biskopane hadde brote ut av den fatale einstemmigheita i bispekollegiet, og gått til formann i “Åpen folkekirke” og sagt som Abram til Lot i 1.Mos. 13,9: “Ligg ikkje heile landet ope framfor deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, dreg eg til høgre og tek du til høgre, dreg eg til venstre!” ville han eller ho i utgangspunktet ha vore i posisjon til å ta på seg å starta opp arbeidet med å byggja opp denne kyrkjestrukturen. Hans eller hennar ståstad ville då ha vore ein velsigna Abrams ståstad. Men dei er visst alle 12 framleis gisler for “Åpen folkekirke” bundne fast til masta på Dnk-skuta.

I så fall let det seg gjera å tenkja at det ville vera naturleg at Normisjon, med si historie som Landsindremisjon og Santalmisjon og med ei lang erfaring frå samanslåing og omstrukturering, kunne vera den organisasjonen som peika seg ut til å ta initiativ i saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit nytt dokument frå Indremisjons Forbundet (ImF) ser ut til å peika på noko meir enn eit kyrkje-register der medlemmer (Les ImF-medlemmer) kan skrivast inn. Dokumentet er klart i si tilråding til å satsa på forsamlinga på Bedehuset. Det er godt nytt for kristne som ser slutten på tida ein høyrer heime i Dnk.

Dersom Åpen kirkegruppe lukkast med sitt skadeverk, har alle organisasjonar og enkeltpersonar som prøver å gå saman om å byggja ei ny, klassisk kyrkje i Noreg, Abrams velsigna ståstad.

Det er andre krefter som har utløyst splittinga i Dnk. Det er viktig at flest mogleg organisasjonar og enkeltpersonar viser at eit slikt tiltak vert eit samarbeid som kan få oppslutnad frå evangelisk-konservative krefter i Noreg. Likevel er det mange av oss som vonar på at kyrkjeleiinga kan sjå alvoret i situasjonen og akseptera Carissimi sitt forslag om aksept av eit kyrkjeleg rom for klassisk lutherdom innafor Dnk, med eigne organ på alle plan og eige tilsyn.

Om forslaget om liturgi for samkjønna vart utsett, ville vi kunna ha tid på oss til å sjå på Carissimi sitt innsteg i den vanskelege kyrkjelege situasjonen på nytt.

Det er i det minste inga tid å miste!

Les også:

Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt

Les også
Hvorfor bli i Den norske kirke?
Les også
Når tyngdepunktet har flyttet seg
Les også
Det eigentlege politiske svennestykket
Les også
Kirkemøtet åpner for «proffe» dirigenter
Les også
En kamp om hvert ekteskap?
Les også
Sofaen eller Sannheten?