Erling Pettersen. Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix

Biskop Pettersen – domsforkynning og Guds kjærleik

Biskop Erling J. Pettersen har gitt beskjed om at han går av med pensjon om ikkje så lenge, og han er intervjua i Stavanger Aftenblad (11/6). Ein del av synspunkta hans i intervjuet er rimeleg dramatiske og teologisk radikale.

Dei vitnar ikkje nett om at det vert romslege kår i Den norske kyrkja (Dnk) for prestar og andre medarbeidarar som står for det tradisjonelle «synet» i homofilisaka og spørsmålet om vigsel av likekjønna par.

Biskopen tek det vi kallar eit postmoderne utgangspunkt med tanke på å forstå Gud og hans nærvær, ved å hevda at språket «ikkje klarer fanga møtet med det heilage», slik at han må ty til kunsten, kyrkjerommet, musikken og arkitekturen for å forstå Gud og oppleva hans nærvær. Det er ei oppløysing av Ordet som nådemiddel, og det er ei undergraving av den lutherske oppfatninga av kyrkja som Ordets kyrkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dersom vi gjennom språket, altså Ordet, ikkje kan få sikker kunnskap om Gud og eit sant møte med han, er vi overletne til våre opplevingar og kjensler, og med det til ei heilt subjektiv gudsoppfatning. Ein biskop har som oppgåve å leia folk til Ordet, ikkje bort frå det.

Pettersen er mykje oppteken med domsforkynning, og kor forfeila slik forkynning er. Dette aktualiserer han på det å seia, som Skrifta seier, at dei som lever i homofile forhold, ikkje skal erva Guds rike. Det omtalar biskopen som «å setja seg til doms over andre menneske» og å dela ut «ei barbarisk straff».

«Det er ei forkynning eg ikkje ønskjer skal lyda frå nokon preikestol,» seier han. No er det slik at Kyrkjemøtet faktisk har sagt at det skal vera rom for slik forkynning og undervisning ved at dei to «syna» er likestilte. Pettersen meiner det er viktig at han og hans etterkomar som biskop rettleier prestane slik at dei ikkje forkynner på denne måten.

«Domsforkynning bryt med at Gud er kjærleik,» slår biskopen fast. Det er nok den tankegangen som vil verta rådande i Dnk framover, sjølv om både profetane i GT, Jesus og apostlane tenkjer annleis om forholdet mellom dom og kjærleik.

Biskopen seier at homofilisaka «er ikkje berre eit etisk spørsmål for meg, det handlar om gudsforståing». Det er heilt korrekt, men då må ein spørja seg kva gudsbilete det vert, når Bibelens domsforkynning er borte, og ein står att med ein kjærleik som er løyst frå dommen og det heilage.

Kva er det biskopen vil møta som «det heilage»? Det står fram ein gud forma i vårt bilete, ein humanisert gud ut frå dagens verdidommar.

Om biskop Erling J. Pettersen har rett i si forståing av domsforkynning, må ei slutta å løfta fram Hans Nielsen Hauge som ein mann med stor og positiv innverknad i samfunnet og kyrkjelivet. Han må då ha hatt ein negativ funksjon.

Det same gjeld all vekkingsforkynning og misjonsforkynning. Det står om gudsforståinga, om forståinga av Ordets nådemiddel og om frelsesforståinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Ny biskop i Stavanger
Les også
Krever at ny biskop har lokal forankring
Les også
Blir gjerne ny biskop i Stavanger
Les også
Får skryt av sin fremste motstander
Les også
Tror neste biskop får roligere tider