REDDA LIVET: Minji og sonen Andy redda livet med hjelp frå Helping Hands Korea. Historia deira blir fortald i den norskproduserte dokumentarfilmen «Saved. Escape from Kims regime» som no er nominert til beste dokumentar på International Christian Film and Music Festival. Foto: Stefanusalliansen
Norsk dokumentar om Nord-Korea nominert til filmpris i USA
Filmen til Stefanusalliansen, om kristne som hjelper nordkoreanarar på flukt, er nominert til beste dokumentar på International Christian Film and Music Festival.
Filmen «Reddet – flukten fra Kims regime», som handlar om Tim A. Peters sitt arbeid for å hjelpa nordkoreanarar på flukt, er laga av Thea Haavet i Stefanusalliansen. Den er no nominert til beste dokumentar på International Christian Film and Music Festival. Den engelske versjonen «Saved. Escape from Kims regime» skal visast på festivalen i Orlando laurdag 4. mai.
– Det var ei veldig gledeleg overrasking! Målet med å laga filmen var å setja søkelyset på dei vanskelege kåra til nordkoreanske flyktningar og det modige arbeidet som Stefanusalliansens partnar Tim Peters i Helping Hands Korea gjer for å redde dei, seier Thea Haavet i ei pressemelding frå Stefanusalliansen.
Filmen skal òg vera med på to andre filmfestivalar i USA: «Inspire Film Festival» i Marietta, Georgia, og «Christian Familiy Film Festival» i New York.