HUS OG HEIM: I heimen til Gunhild Fagerli Riska går mykje av tida i interiør, gjenbruk, oppussing og familie.
Gunnhild Lønning
Gunhild (32) er heimeverande småbarnsmor og er med i nasjonal borddekkings-konkurranse
Heime hjå den kristne småbarnsmora Gunhild Fagerli Riska (32) er det ikkje karriere som står i sentrum, men snarare familieliv, nærleik og tradisjonar.
Ho er 32 år, gift med Daniel, og saman har dei to born: David på fem og Hanne på tre. Medan ektemannen er på jobb, er Gunhild Fagerli Riska heime og tek seg av hus, heim og born.
Kvardagen i den vesle heimen på Hommersåk i Sandnes kommune går rundt, både praktisk og økonomisk.
Men slik er det ikkje for alle.