For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

IKKJE PERFEKTE: Videosnuttane som ligg på heimesida handlar om trivielle ting som praktisk arbeid i huset, snop på sofaen og matlaging. Mange vil nok kjenne seg igjen. Ron og Kerri er nemleg meir opptekne av å vere autentiske enn å vere perfekte. Foto: www.funnyron.com

Gudommeleg komedie

For komikarekteparet Ron McGehee og Kerri Pomarolli er kombinasjonen Gud, stand-up og Hollywood aldeles mulig.

Publisert Sist oppdatert

Dei to amerikanske komikarane er kjende for sin «reinslege» kristen-baserte humor, og har slått seg opp gjennom mellom anna Jay Lenos Tonight Show og Comedy Central. Trass heimeadresse Hollywood, er Ron og Kerri hundre prosent tydelege på kva dei står for og trur på. Dessutan er dei frykteleg morsomme.

- Det er mykje nedlatande vitsing med kristne på komedieklubbar. Det virkar som om det er lett å ty til den typen humor. Men då kan eg gå på scena etterpå og seie: «Veit du, eg er faktisk ein disippel av Jesus» og få respekt for det. Så lenge eg faktisk er morsom gjev det kredibilitet, seier McGehee i dokumentarfilmen Hollywood on Fire.

Bryllup-humor

Det morsomme ekteparet var godt etablerte komikarar på kvar sin kant før dei byrja «le av kvarandre». I den første venefasen spurte Kerri Ron om kva han såg etter i ei kvinne. Svaret var: «Eg vil ha ei kvinne som ser telefonnummeret det ringer frå på mobilen sin, men som likevel tek samtalane mine». Etter det gjekk det ikkje lang tid før dei var eit par.

Kerri har i alle år vore kjend for sine vitsar om sørstatsmora som er desperat etter å få gift bort dottera, mislukka sjekking av menn på IKEA og all verdas vitsar om singeltilveret. Ein skulle difor tru at den heilage ektestanden ville vanskeleggjere ein vidare humorkarriere, men for Kerri vart det omvendt: «Mitt store feite koreanske irske italienske sørstats brullaup med ein Elvis-kopi og ei donut-bryllaupskake baud på nok vitsemateriale for resten av livet» sa ho med glimt i auget til CBN.

Kerri og Ron opptrer ofte ilag og bruker ekteskapet for det det er verdt i showet sitt. Ho kan tulle med sjokket over å oppdage at det bur ein mann i huset som ikkje har nokon andre stader å gjere av seg, medan han gjer narr av å måtte seie nei til kompisar som vil ha han med ut på elleville ungkarskveldar: «Beklagar folkens, eg kan ikkje. Det er fingeren min.» «Hæ? har du skada deg?» «Nei, det er ein ring på han».

Eva hadde ingen jobb

Både Kerri og Ron ironiserer over seg sjølv og kristen kultur og veremåte er ikkje noko unntak frå vitsing. Mellom anna når Kerri snakkar om at ho godt kunne ha ofra seg dersom Gud ba henne slutte i jobben og bli heimeverande: «Dersom Gud krev at eg skal bli ei trofé-kone, så ok!» (Ei trofé-kone er ei som ikkje har ein eigen karriere, men som bruker alle krefter og pengar på å sjå bra ut. Type, Anna Anka).

«Det er fullstendig bibelsk. Eva hadde jo for eksempel ingen jobb!», seier ho til latterbrøl frå kyrkjesalen. Men ho kan like gjerne vise truslivet fram i positiv forstand. I eit intervjua på den raude løparen tilføyer ho eit «praise Jesus!» etter å ha blitt gratulert med at ho har gifta seg.

Powered by Labrador CMS