Den kristelege nynorsken

Audun Ve­vat­ne hevda i gårs­da­gens avis at ny­nors­ken har vorte av­krist­na i Dagen. Det kan eg hel­dig­vis av­kref­ta, skriv Vebjørn Selbekk.

Eg kan hel­ler ikkje utan vi­da­re gå med på at meng­da ny­norsk har vorte mind­re i Dagen dei sei­na­re åra. Også under andre re­dak­tø­r­ar har det kome kri­tikk mot at det er for lite ny­norsk i avisa.

Då nynorsken vart avkristna i Dagen

Artikkelen fortsetter under annonsen.

200 år etter at Ivar Aasen vart fødd er språk­po­li­tikk fram­leis ei om­stridd sak i Noreg. Mel­lom våre le­sa­rar vil det vere ulike mei­nin­gar om kva mål­føre vi bør nytta i ar­tik­la­ne våre.

Mange av le­sa­ra­ne våre har ster­ke kjær­leiks­band til ny­norsk. Det er ty­de­leg å merka i Ve­vat­nes ar­tik­kel. Det er vik­tig for meg som sjef­re­dak­tør å leg­gja til rette for at dei skal kjen­na seg heime i Dagen.

For meg er det vik­tig å un­der­stre­ka føl­gjan­de: Dagen er kor­kje ei bok­mål­avis eller ei ny­norsk­avis. Vi er ei avis som tek på alvor at vi har to mål­føre i lan­det vårt.

Eg er helt samd i det Ve­vat­ne skriv om at avisa ikkje vert dår­le­ga­re av at ein del av stof­fet vert skri­ve på ny­norsk. Slik har det vore opp gjen­nom den ære­ful­le his­to­ria til Da­gens sidan 1919. Og slik er det fram­leis i dag.

Med omsyn til mine leiar­ar­tik­lar så stem­mer det hel­ler ikkje at ingen av dei har vore skriv­ne på ny­norsk.

Vi er glade for at vi har mange med­ar­bei­da­rar som meist­rar båe mål­føra. Flei­re av dei mest røyn­de jour­na­lis­ta­ne våre har jam­vel ny­norsk som ho­vud­mål.

PS: Dette har eg skri­ve sjølv.

Les også
Då nynorsken vart avkristna i Dagen
Les også
Ein skatt å ta vare på
Les også
Han fann eit språkIvar Aasen
Les også
Nynorskbok må godkjennes i Vatikanet