Då nynorsken vart avkristna i Dagen

Det er med stor und­ring eg ser kor tanke­laust og like­sæl Vebjørn Sel­bekk driv avisa når det gjeld denne sida av avis­verk­sem­da, skriv Audun Vevatne.

I fjor hadde Dagen ein in­ter­es­sant ar­tik­kel om då ny­nors­ken vart krist­na.

Dei som stod i brod­den for den brag­da måtte tola ster­ke per­son­lege skul­din­gar for at «Guds eige språk» skul­le ta­last og skri­vast på fri­ten­kjar­språ­ket. Men dei klar­de å skil­ja teo­lo­gi frå språk, kor mykje det kosta veit vi ikkje, men tunge tak måtte dei ta som stod midt i den harde stri­den.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi som har levd ei stund og møtte for­do­mar hjå ein del bok­måls­folk, veit noko om det.

Nå er det tid for at Dagen lagar ein stør­re ar­tik­kel om då ny­nors­ken vart av­krist­na, i alle fall i Dagen.

Etter den nye re­dak­tø­ren Ve­bjørn Sel­bekk kom, har ny­norsk­bru­ken i avisa falle mykje.

Eg har lese Dagen i mange år, og dei tid­le­ga­re re­dak­tø­r­a­ne skreiv leia­rar på ny­norsk jamt og trutt, til nå har Sel­bekk ikkje skri­ve ein ein­as­te leiar på ny­norsk (?). Kan han ikkje?

Sel­bekk kan sik­kert skri­va på flei­re språk, men på ny­norsk, nei der går gren­sa. Ikkje for det han ikkje kan!

Han kan vel læra som andre. Men han mang­lar nok vilje. Høy­rer Sel­bekk til den bok­måls­kul­tu­ren som ser på ny­norsk som ein «styg­ge­dom» og som skal gøy­mast vekk til det pri­va­te rom? Det vil vera greitt å vita.

Prak­si­sen i Dagen tyder på det. Ein må rekna med å verta dømd etter hand­ling. Det er dei som vil at kris­ten­dom og re­li­gion skal ut av det of­fent­le­ge rom, ein anna døme på inn­snev­ring av yt­rings­fri­do­men.

Eller er han like­sæl. Like­sæle veit Sel­bekk om. Han har nok lese så­pass av Wie­sel. Det er lita ære av å vera like­sæl, endå verre enn mo­stan­dar iføl­gje Wie­sel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dagen kjem ut i Ber­gen, ho­vud­sta­den for ny­norsk­fol­ket. Avisa han er re­dak­tør for kjem ut i lands­de­len der ny­norsk er ein særs vik­tig del av kul­tur­ar­ven, og det ny­norsk språ­ket er fram­leis mykje i bruk.

Den verd­s­le­ge na­bo­avi­sa BT hylla Ivar Aasen med å gje ut ei avis berre på ny­norsk på 200 års dagen for hans fød­sel.

Leng­re frå dette kan ikkje Dagen koma som i Helge­da­gen 11. ja­nu­ar var bare på bok­mål. Ny­norsk «det for­bod­ne språ­ket» - i Dagen, som i oslo­avi­se­ne. Noko til 200 år fei­ring.

Kor lite kunn­skap om språk og kul­tur i dette lan­det kan ein ha? Det er umoge­leg å for­stå at ein kan verta så kunn­skaps­laus og hald­nings­laus.

Sel­bekk kjem­par for at den krist­ne tan­ken skal koma fram i sam­funns­de­bat­ten og om kor­leis kris­ten­fol­ket lever og ten­kjer.

Opp­gå­va til Dagen er at dei skal få koma til og verta høyrd. Det rett og godt. Men slike tan­kar og om­ta­le må ikkje koma på trykk på ny­norsk, må vita.

Her finst ikkje det grann av an­svar for dei som øn­skje å lesa noko av dette stof­fet på sitt eige mål. Endå flok­ken av ny­norsk­folk som har star­ta, støt­ta og kjem­pa for avisa har vore både stor og sterk.

Fram­leis er dei mange, men tru­leg ein mi­no­ri­te­ten (?) av le­sa­ra­ne som Sel­bekk ikkje bryr seg om. Ein skul­le tru at ein re­dak­tør for ei avis som kjem­par for ein mi­no­ri­tet hadde betre vet, men nei slik er det ikkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Om Sel­bekk vil vera så hjelpe­laus at han ikkje kan eller vil skri­va på ny­norsk, kunne han i det mins­te ha opp­munt­ra med­ar­bei­da­ra­ne til å skri­va meir ny­norsk. Men her svik­tar det òg.

Avisa vert ikkje dår­le­ga­re av om ein del av stof­fet vert skri­ve på ny­norsk. Å få fram ny­hen­de og mei­nin­gar i eit anna mål­føre vil vera til god nytte for både skri­var og lesar. Mei­nin­ga­ne kan koma betre fram. Det er nyt­tig å lesa Bi­be­len på ulike språk, og det er ikkje ann­leis for ei avis. Ny­an­sa­ne på bok­mål som ein møter i alle aviser ska­per ikkje mang­fald, men kli­sje­ar.

Det er med stor und­ring eg ser kor tanke­laust og like­sæl Sel­bekk driv avisa når det gjeld denne sida av avis­verk­sem­da.

Til­legg: Det viste seg at det vart eit inn­legg på ny­norsk i nemn­de Helge­da­gen, mind­re enn i halv side av 44 sider. Det er vel 1 pro­sent, næ­ra­re null kjem ein vel ikkje.

Nynorsk Audun Vevatne Stord

Les også
Ein skatt å ta vare på
Les også
Vekslar mellom nynorsk og bokmål
Les også
Bare 5 av 117 nye kristne bøker på nynorsk