Ein skatt å ta vare på

Det avgjerande er at ein verkeleg har noko på hjartet og evnar å framstilla dette i eit klårt og friskt språk.

Skep­si­sen var stor og mot­stan­den til dels sterk då ny­nors­ken byrja å sive inn i kyr­kjer og bede­hus mot slut­ten av 1800-ta­let.

I går var det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Ved ju­bi­le­et kan vi iro­nisk nok kon­sta­te­ra at kyr­kje- og kris­ten­liv er ein av sek­to­ra­ne der denne må­for­ma står ster­kast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ny­nors­ke bi­bel­om­se­tjin­gar er i dag sjølv­sagt. Flei­re av dei kjæras­te sal­ma­ne våre har også ny­norsk språk­drakt. Men det krevst med­vi­ten bruk av ny­norsk, og øving i kjær­leik til dette språ­ket, der­som det skal leva og ut­vik­la seg også i kris­ten sa­man­heng.

- Mål­sak og van­tru høy­rer i hop som sam­søs­ken, hevda ein fram­stå­an­de norsk teo­log i 1893. Bis­ko­pa­ne åt­va­ra mot rot og for­vir­ring i kyr­kje­ne der­som ny­nors­ken fekk inn­pass i li­tur­gi, salme­song og skrift­le­sing. Ny­nors­ken vart for­bun­den med fri­ten­kje­ri og re­vo­lu­sjo­nært tanke­gods.

Mange pro­fi­ler­te mål­folk var også kyr­kje- og kris­ten­doms­kri­tis­ke, men bi­le­tet er på ingen måte eity­dig. Ikkje minst stats­rå­den og teo­log­pro­fes­so­ren Elias Blix vart ein vik­tig aktør for å snu stem­nin­ga. Sal­ma­ne han dikta på det så­kal­la lands­må­let, be­tyd­de sær­leg mykje. «Gud signe vårt dyre fedre­land» er blitt sjøl­ve na­sjo­nal­sal­men.

Mange er også glade i son­gar som «Med Jesus vil eg fara» og «No livar det i lun­dar». I bede­hus­land vart folk som Lud­vig Hope, ein av dei store hov­din­ga­ne i Norsk Lu­thersk Mi­sjons­sam­band, ein av føre­gangs­fi­gu­ra­ne for kris­ten ny­norsk. Mathias Or­heim og Tryg­ve Bjer­krheim har også le­vert ny­nors­ke song­teks­tar med sterkt kris­tent inn­hald som er blitt mykje bruk­te.

Ny­nors­ken er i dag kon­tro­ver­si­ell av heilt andre år­sa­ker enn han for over hund­re år sidan. Mål­for­ma slit no med eit stem­pel som eit sær­fe­no­men for iso­ler­te byg­der på Vest­lan­det og util­gjen­ge­le­ge dal­strok i inn­lan­det.

Ein slik lett­vint kri­tikk bør vi ikkje ak­sep­te­ra. Flei­re av dei mest kjen­de for­fat­ta­ra­ne i lan­det skriv ny­norsk. Sans for denne mål­for­ma er ikkje eit po­li­tisk venstre­side­fe­no­men for folk som ivrar etter of­fent­le­ge stø­nads­ord­nar for alt som er ut­ryd­dingstru­ga. Tid­le­ga­re Høg­re-po­li­ti­kar Hall­grim Berg og jour­na­list Jon Hu­stad er gode ek­sem­pel på dette.

På kyr­kje­leg hald er det flei­re som skriv eit friskt ny­norsk som når fram til mange. Av­døde do­mi­ni­ka­nar­pa­ter Arn­finn Haram er eitt døme på ein kris­ten aktør som nådde eit breitt pub­li­kum, trass i han tru­fast heldt seg til ny­nors­ken. Eller var det kan­skje nett­opp del­vis på grunn av dette?

Det av­gje­ran­de er nem­leg at ein ver­ke­leg har noko på hjar­tet og evnar å fram­stil­la dette i eit klårt og friskt språk. Å halda seg til ny­norsk kan kan også vera eit ut­trykk for tru­ver­dig iden­ti­tet - der­som det er denne mål­for­ma som er det na­tur­lege ut frå bak­grun­nen ein har. Ein skal hel­ler ikkje un­der­vur­de­ra verk­na­den av å skri­ve språ­ket ein lærte som barn. Då kan ein stun­dom luk­kast betre med å setje ord på det som rører seg i tan­ke- og kjensle­li­vet, eller i trus­li­vet for den del.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I den krist­ne for­sam­lin­ga er ikkje det vik­ti­gas­te kva mål­form ein vel. Det av­gje­ran­de må vera at det som vert skri­ve, sagt og sunge, er sant og ut­trykk for ekte liv med Gud. Men det ville vera eit tap om ny­nors­ken vert mar­gi­na­li­sert som kris­tent språk av bok­mål og en­gelsk. Til det er den krist­ne tra­di­sjo­nen for rik, og kva­li­te­ta­ne til ny­nors­ken for ster­ke, mel­lom anna som ly­risk språk.

Les også
Han fann eit språkIvar Aasen
Les også
Bokmål for materie, nynorsk for ånd
Les også
Vil likestille nynorsk og bokmål i grunnloven