AKTUELL: Forfatter Ottar Grepstad er i disse dager aktuell med sin biografi om Ivar Aasen: «Historia om Ivar Aasen». (Foto: Thomas Vinje Øijord / NTB Scanpix)

Han fann eit språk

Ivar Aasen reiste landet rundt og fann eit språk. Den vesle mannen reiste over 25.000 kilometer og plukka systematisk opp bitar av talemålet rundt om i Noreg.

Re­sul­ta­tet var skrift­språ­ket lands­mål, det vi i dag kjen­ner som ny­norsk.

- Ivar Aasen skap­te ikkje eit språk, han laga ikkje eit språk. Han fann eit språk. Han var den førs­te som opp­da­ga at det er mange lik­ska­par mel­lom nors­ke dia­lek­tar, seier Ottar Grepstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tors­dag kom han med bio­gra­fi­en «His­to­ria om Ivar Aasen» i sam­band med at det i dag er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd.

Fan­tas­tisk for­tel­jar

- Ivar Aasen endra fram­ti­da. Eg trur det er rett å seie at han la grunn­la­get for at Noreg vart den førs­te for­melt fleir­språk­le­ge sta­ten i Euro­pa, seier Grepstad.

I bio­gra­fi­en teik­nar Grepstad eit bi­le­te av ein mann med store mot­set­nin­gar. Aasen var ein liten, sje­nert og be­skje­den mann utan det store sjølv­bi­le­tet. Han var berre 1,61 høg, og han syn­test sjølv lite om ut­sjå­na­den sin.

«Dette for­un­der­ligs­te lille Væsen, som no­gensin­de har tra­adt norsk jord», skreiv Dag­bla­det då Aasen døde.

Men sam­ti­dig som han var sky, var Aasen ein fan­tas­tisk for­tel­jar, og han må ha vore flink til å komme i kon­takt med folk, mei­ner Grepstad.

- Han hadde også eit uvan­leg godt minne og var in­tenst ener­gisk. Eg er fjet­ra og skjø­nar ikkje heilt kor­leis det han gjor­de var mog­leg. Han var på reise i 23 ulike ka­len­der­år. Kvart av desse åra rei­ser han i gjen­nom­snitt 120 dagar. Han er med andre ord på reise kvar tred­je dag i 23 år - og så i den tida, seier Ottar Grepstad.

Møns­ter

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Aasen var berre 22 år gam­mal då han sette seg føre å finne fram til eit norsk skrift­språk bygd på dag­leg­ta­len over heile lan­det. I åra 1842- 46 gjen­nom­før­te han den førs­te av mange rei­ser lan­det rundt og fann eit møns­ter i dei tale­må­ta­ne som då var i bruk.

Den vesle man­nen vart teken imot med und­ring ute i lan­det. Mange for­stod ikkje heilt kva han heldt på med.

- Han kom til sine eigne, men dei for­stod han ikkje, skriv Grepstad, og det er ikkje så rart, mei­ner han.

- Dei møter ein per­son som er ukjend for dei fles­te, og som skal komme og høyre kor­leis folk snak­kar. Det var rart i 1850. Då må denne man­nen i all sin blyg­sel ha hatt so­li­de evner til å vinne til­lit, og komme i kon­takt med folk. Eg trur han bruk­te for­tel­jar­kuns­ten som inn­gang. Han var ein inn­ma­ri god for­tel­jar, seier Grepstad.

Han kal­lar i bio­gra­fi­en ar­bei­det til Aasen for eitt av dei mest vel­lyk­ka og sam­funns­inn­gri­pan­de fors­kings­pro­sjek­ta i norsk his­to­rie.

Lit­te­rær skatt

- Ivar Aasen har ei uvur­der­leg be­tyd­ning for norsk språk, og sær­leg for det ny­nors­ke skrift­språ­ket. Han samla sys­te­ma­tisk inn det som skul­le bli grunn­la­get for folke­språ­ket, som han kalla det, seier kul­tur­mi­nis­ter Hadia Tajik (Ap) til NTB.

Stats­rå­den er sjølv ny­norsk­bru­kar og bru­ker blant anna berre ny­norsk i dei mange Twit­ter-mel­din­ga­ne sine.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho trek­kjer også fram at Aasen etter­let seg ein lit­te­rær skatt, der både dikt og ord­tak har gått inn i det nors­ke språ­ket.

- Flei­re av dikta er også tone­sett, og er nokre av dei mest folke­kjæ­re son­ga­ne vi har, seier Tajik.

Mest kjent av dikta til Aasen er «Nord­man­nen» (Mel­lom bak­kar og berg).

Ivar Aasen

Fødd 5. august 1813 i Ørsta.

Språkforskar, språksamlar og diktar.

Skapar av landsmål, nynorsk skriftspråk.

Gav i 1853 ut den første boka på nynorsk - Prøver af Landsmaalet i Norge.

Var også diktar. Skreiv blant anna diktet «Nordmannen» (Mellom bakkar og berg).

Fekk statsstipend i 1851 og livet ut.

Døydde 23. september 1896 i Kristiania.

Les også
Vil likestille nynorsk og bokmål i grunnloven
Les også
Feirer Ivar Aasen - gir ut hele avisen på nynorsk