Bokmål for materie, nynorsk for ånd

Språkprofessor Sylfest Lomheim meiner det er mykje lettare å kome unna med ein dårleg tekst på bokmål enn på nynorsk.

Den tid­le­ga­re språk­di­rek­tø­ren un­der­stre­kar at det i prin­sip­pet ikkje er skil­nad på ny­norsk og bok­mål. I prak­sis mei­ner han det er for­skjell li­ke­vel: To­le­ran­sen for dår­leg språk er lå­ga­re på ny­norsk enn bok­mål.

- Det skal mind­re til av abs­trakt og ord­rikt idéspråk på ny­norsk før ein lesar rea­ge­rer, seier Lom­heim.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Der­for mei­ner han også at mange ny­norsk­bru­ka­rar opp­le­ver at det kos­tar meir å få til ein god tekst på ny­norsk eller på bok­mål.

- Når du får han til å sitje, vert det eit meir ge­nuint, friskt og saf­tig språk, seier pro­fes­so­ren.

Det mei­ner han heng saman med at ny­nors­ken er mind­re i bruk og der­med er mind­re «utstli­ten».

- Re­la­tivt sett har ny­nors­ken sin styr­ke i det ån­de­le­ge - som ly­rikk, lit­te­ra­tur og li­tur­gi, medan bok­må­let står ster­kast i det ma­te­ri­el­le, seier Lom­heim.

* Frykta meir gudløyse med nynorsk i kyrkja

* Nynorsk - eit språk utan framtid?

* Bare 4 av 117 nye kristne bøker er på nynorsk

* Vekslar mellom nynorsk og bokmål

Artikkelen fortsetter under annonsen.

* Nynorskbok må godkjennes i Vatikanet

* - Fornyinga av bibelspråket kjem frå nynorsk

* Språk i norsk kyrkje - ei tidslinje

Språk­pro­fes­so­ren ved Uni­ver­si­te­tet i Agder har støt­te i sta­ti­stik­ken: Rundt 30 pro­sent av kyr­kje­sok­na i Den nors­ke kyr­kja bru­kar ny­norsk li­tur­gi, men mange av desse er små sokn på lan­det. Talet auka fram mot kri­gen og har sidan har vore sta­bilt. Det er berre bispe­døma Oslo, Borg, Sør-Hå­lo­ga­land og Nord-Hå­lo­ga­land som ikkje har sokn som fei­rar guds­te­nes­ter på ny­norsk.

Dei ly­ris­ke kva­li­te­ta­ne til ny­nors­ken er det van­leg å ha sans for. Lom­heim på­pei­kar at dette er noko ny­nors­ken har sams med svensk - men lik­ska­pen stop­par ikkje der.

- Blind­tes­tar ut­før­te av eit svensk fors­kar­team ved Lunds Uni­ver­si­tet viser at svens­kar for­står betre ny­norsk enn bok­mål. Det ver­kar sen­sa­sjo­nelt, sidan kon­tak­ten deira med ny­norsk er mykje mind­re enn kon­tak­ten med bok­mål, seier han.

Slik sett sy­nest han ny­norsk­bru­ka­rar med stort fri­mod skal bruke ord som ljos, kjær­leik, vør­nad og sam­vit. Det er jo slike ord Fred­rik Skav­land nyt­tar på tv kvar fre­dags­kveld for å få svens­kar til å for­stå kva han mei­ner.

- Ny­nors­ken er meir full­vo­ka­lisk og song­bar og gir meir fylde i klang enn bok­mål. Det har in­gen­ting med for­dom­mar å gjere. Dette er eit fak­tum fak­tum, seier han og viser mel­lom anna til kor stor del av orda som endar på -a og kor mange fleir­sta­vings­ord som finst i ord­lis­te­ne. På bok­mål hei­ter det «Jeg skri­ver», på ny­norsk «eg skriv». Her mei­ner han ein kan jam­føre bok­mål og ny­norsk på same måten som dansk og svensk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Sa­man­lik­na med svensk kan vi sjå at dans­ken slit. Det er berre slik det er. Ita­li­ensk, svensk og ny­norsk er gode språk å synge på, seier han.

Sjølv om færre bru­kar ny­norsk i dag enn for 40 år sidan, sy­nest Lom­heim at ny­norsk har halde ri­me­leg bra stand.

- Skal vi sjå det i eit sam­funns­per­spek­tiv, har han greidd seg utru­leg bra, seier han.

Ur­ba­ni­se­ring, sen­tra­li­se­ring, kom­mu­ni­ka­sjon og tek­no­lo­gi har vore dei do­mi­ne­ran­de kref­te­ne i sam­funns­ut­vik­lin­ga - og alle desse er mot­kref­ter til ny­norsk.

- Midt på 1970-ta­let var det 16-17 pro­sent av skule­ele­va­ne som bruk­te ny­norsk. No er det 11-13 pro­sent. Kor­ri­ge­rer du for folke­veks­ten, er det i tal tru­leg like mange ny­norsk­bru­ka­rar no som på 70-ta­let, seier Lom­heim.

Sett i lys av at ny­nors­kens andel vart hal­vert frå 1945-75, sy­nest han dette er utru­leg. Han pei­kar på eit par grun­nar til dette: Ein del av for­dom­ma­ne mot ny­norsk er borte. Og tapet dei førs­te tiåra etter kri­gen skjed­de i stor grad i «ut­kant­om­rå­da» for ny­nors­ken, som deler av Sør­lan­det, Trøn­de­lag og Nord-Noreg.

- På Vest­lan­det frå Møre til Agder står ny­nors­ken ri­me­leg stø­dig, bort­sett frå i by­strok, kon­sta­te­rer Lom­heim.