EIN AV TRE: Vaulali ungdomssenter ved Tau er ein av tre leirstader Normisjon har i Rogaland. Regionsstyremedlem Berit Helgøy Kloster meiner det burde vere plass til ein flyktningfamilie der.

Ber leirstader opne dørene for flyktningar

Erfaren misjonær og forkynnar meiner det kan vere ein vinn-vinn-situasjon om kristne leirstader tek imot ein flyktningfamilie eller to.

Berit Helgøy Kloster

No er ho pensjonist, men ivrar framleis for misjon. Som medlem i regionsstyret til Normisjon i Rogaland har ho nettopp fremja forslag om å ta i bruk uutnytta kapasitet på dei tre leirstadene i regionen til flyktningar.

– Vi må finne ei fordeling som fungerer med verksemda vi elles driv der, understrekar Helgøy Kloster.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I dag møtest partia på Stortinget til nye samtalar om Syria–flyktningar. Det er fleirtal for å ta imot 10.000 flyktningar frå Syria, men regjeringspartia er i utgangspunktet ikkje for dette. Derfor er det utfordrande å finne ei løysing som alle kan stille seg bak. Eit av spørsmåla er korleis ein skal greie å busetje så mange på kort tid.

Inkluderande fellesskap

Utspelet frå Berit Helgøy Kloster er uttrykk for eit ønske om å bidra til å løyse utfordringane. Tidlegare er det kome forslag om å prioritere kristne flyktningar. Helgøy Kloster seier ikkje det, men meiner ein bør unngå å leggje opp til strid mellom dei som skal bu der eller ta inn folk som ikkje kan akseptere det som elles føregår på leirstadane.

– Dersom vi får kristne flyktningar, kan det vere ein fin måte å sjå dei og inkludere dei, seier Helgøy Kloster.

Ho trur det kunne vere ein rikdom for begge partar dersom flyktningane får delta i det kristne fellesskapet når det vert arrangert leirar eller andre samlingar.

Meir enn økonomi

Til dømes kjenner ho til at det på Vaulali leirsted ved Tau er ein bustad som stort sett står ledig.

– Denne er berre i bruk når vi har mykje folk der, og kunne godt brukast meir, seier ho.

På Horve ungdomssenter utanfor Sandnes trur ho også det kan vere mogeleg å nytte kapasiteten endå betre.

– Vi må sjå på kva vi har, seier Helgøy Kloster.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho viser til at leirstadene allereie har tilsett styrarar og folk med ansvar for vedlikehald. Dersom ein tek ansvar for å huse flyktningar, meiner ho ein bør ta imot støtta ein kan få frå det offentlege, men også utnytte eigne ressursar endå betre. Ho synest nordmenn flest, også kristne, i for stor grad tenkjer at det er staten som skal ordne opp i sosiale problem.

– Dessverre er det ofte økonomien som set grenser. Når eg ser kva andre fattigare land vågar å hive seg ut i for å hjelpe andre, så er det fantastisk, seier ho.

Ser potensial

Tidlegare er kristne leirstader blitt omgjorde til asylmottak. Det er ikkje dette ho føreslår.

– Eg ser føre meg at vi tek imot ein familie eller to. Det treng ikkje vere store mengder. I alle fall flyktningar som kjem Syria, er gjerne sterkt traumatiserte. Då er det viktig med ro, seier ho.

Sjølv om ein ikkje har nyoppussa bustader med høg standard, meiner Helgøy Kloster at tilbodet kan vere svært verdifullt for dei som har behov.

– Dessverre er det mange tomme bedehus rundt i landet. Også dei har ofte toalettfasilitetar. Du behøver ikkje flisebad med varme i golvet for at nokon skal kunne bu der, seier ho.

For eigen del avgrensar ho seg til å utfordre Normisjon, sidan det er der ho sjølv er engasjert. Men generelt synest ho alle kristne bør tenkje over korleis ein kan ta utfordringa med å møte menneske som kjem til landet, og vise dei omsorg.

– Dei kristne flyktningane har lært seg å prioritere verdiane i livet. Dei har mykje å lære oss, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For tidleg

Administrasjonsleiar Einar Larsen i Normisjon Region Rogaland seier til Dagen at det er for tidleg å ta saka opp med styra for misjonens leirstader om dei kan brukast til husrom for flyktningar. Larsen sit i styra for dei tre leirstadane Stemnestaden, Horve og Vaulali, og seier saka ikkje vil bli vurdert på denne sida av sommaren.

– Vi er kjent med spørsmålet, men treng meir tid på oss å ta stilling til dette. Bruken av leirstadane er allereie planlagt i minst eit år framover, så det er ikkje berre å snu oss rundt og opne stadane for flyktningar, legg Larsen til.

Dårleg kombinasjon

Han ser ikkje for seg at det skulle vera mogeleg med en kombinasjon av flyktningar og leirarbeid.

– Til det er utfordringane som flyktningane representerer for store, seier Larsen til Dagen.

– Korleis framtida vert for leirstadane, er ei anna sak. Ei endring i bruk av leirstadane må takast opp i styra. Det treng vi uansett meir tid på å avgjere, seier Larsen.

Leirstader

Normisjon i Rogaland har tre leirstader:

Horve Ungdomssenter utanfor Sandnes

Stemnestaden leirsted i nærleiken av Haugesund

Vaulali leirsted ved Tau

Stemnestaden leirsted i nærleiken av Haugesund

Les også
Kommune-ja til 1.000 ekstra Syria-flyktninger
Les også
Bare kristne flyktninger?
Les også
Ber 10.000 flyktninger vente på turRiyad Ali
Les også
KrF åpner for å ta Syria-regningen senere
Les også
Frp: Uaktuelt å tvinge kommunene til å ta imot flere flyktninger