Debatt
KVINNEHELSE: Leiar Christine Benedichte Meyer la 2. mars fram NOU-rapporten fra kvinnehelseutvalet.
Rodrigo Freitas / NTB
Står puppane i vegen for forsking?
Dette spørsmålet stiller Sanitetskvinnene, og det kan jammen sjå slik ut. I mange år har kvinner med ulike smerter og helseutfordringar snakka om, debattert og ropt høgt om at vi må ha ei satsing på kvinnehelse. Det har vore fremma av ulike parti og ein kan jammen lure på kvifor det har teke så lang tid.
Som kvinne er det vanskeleg å ta innover meg at det er mindre status å forske på kvinnehelse, og at dei utfordringane eg og mine medsystrer har ikkje er interessante nok.
Midt i alt dette er KrF glad for rapporten som kvinnehelseutvalet la fram 2. mars med tittelen «Den store forskjellen».