MAINZ: I den tyske byen Mainz står verdas største bibelside på 36 kvadratmeter utstilt til ære for boktrykkjarkunsten sin far, Johann Gutenberg.
Andrea Enderlein / epd-bild
Verdas største bibelside trykt til minne om historisk person
Den fyrste sida av Johannesevangeliet er no utstilt i katedralen i den tyske byen Mainz for å minnast mannen bak den fyrste trykte Bibelen: Johann Gutenberg.
Den enorme bibelsida, trykt på ei treplate med ei breidde på fem meter og høgd på 7,2 meter, skal ifølgje Evangelical Focus stå utstilt i Mainz-katedralen fram til utgangen av august.
Bibelsida er sett saman av tolv treblokker. Ein bil har deretter køyrt over desse blokkene for å pressa blekket på papiret. Trykkjeprosessen skal ha teke om lag tre timar.
Prosjektet er ein heider til Johann Gutenberg, som har spelt ei avgjerande rolle i bibel-distribusjonen, men er samstundes eit innslag under den årlege «kultursommaren» i den tyske delstaten Rheinland-Pfalz.