Debatt
MISJON: Eg legg til grunn for arbeidet vidare med desse spørsmåla at Den norske kyrkja har eit godt og forpliktande samarbeid med Den norske Israelsmisjonen, skriv Olav Fykse Tveit.
Bjørn Olav Hammerstad
Preses Olav Fykse Tveit: Misjon overfor jødar
Seks kyrkje- og misjonsleiarar skriv den 22.november i Dagen og Vårt Land at dei har reagert på det eg sa, eller heller det eg ikkje sa, om jødemisjon i eit intervju i Vårt Land 13. november. Der vart eg spurt om dette i samband med spørsmål som særleg gjekk på vårt forhold til jødar i Noreg.
Som eg også sa til Vårt Land: Evangeliet om Jesus Kristus er for alle, og kyrkja skal og vil dele det med alle gjennom vårt vitnemål i ord og gjerning. Dette står fast.
Men i spørsmålet om organisert misjonsverksemd retta direkte mot jødar er det fleire historiske og aktuelle utfordringar som gjer seg gjeldande, og som er vorte drøfta og arbeid grundig med av mange kyrkjer. Eg nemnde tyske kyrkjer, men kunne også nemnt Svenska Kyrkan og Den romersk-katolske kyrkja.