Debatt
KLEPPA: På biletet ser vi Johannes Kleppa med ein kross frå gamle Vassenden bedehus.
Odd Mehus
Pinsekarismatisk og allmennkyrkjeleg
I Dagen 6. desember har Erling Thu ein kommentar til ei melding eg skreiv om boka hans om Anden og nådegåvene. Eg takkar for gode ord, og returnerer gjerne dei.
Eg vil kort kommentera det som eg oppfattar som hovudpoenget i det Thu skriv, nemleg forholdet mellom det pinsekarismatiske og det allmennkyrkjelege.
Når vi snakkar om det allmennkyrkjelege, har det vore vanleg å oppfatta det som det ein er samd om på tvers av konfesjonane, altså det som ikkje er konfesjonelt bestemt. I praksis betyr det alt som er sagt i dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene, kanskje særleg den apostoliske trusvedkjenninga (dei tre trusartiklane).