Debatt
ALKOHOLMERKING: Det er gledeleg at helseminister Ingvild Kjerkol (bilde) har gjeve Helsedirektoratet beskjed om å vurdere korleis alkoholhaldig drikke kan merkast med åtvaring om helserisiko, skriv Per-Arne Lillebø og John Almendingen.
Hanna Johre / NTB
På tide med alkoholmerking
Helsemerking av alkoholvarer har lenge vore ei aktuell sak, men lite har vorte gjort her til lands. Det er difor gledeleg at helseminister Ingvild Kjerkol har gjeve Helsedirektoratet beskjed om å vurdere korleis alkoholhaldig drikke kan merkast med åtvaring om helserisiko.
Det er åtte månader sidan helseministeren fekk ei utgreiing på 30 sider frå Helsedirektoratet, og Helsedirektoratet tilrår åtvaringsmerking på alkoholvarer.
Helseministeren har ikkje vore særleg rask i vendinga, men det er godt at det endeleg kom ein reaksjon.