| Debatt
Kva veg går vi? Om NLA, katolske kollegaer og KRLE i skulen
NLA: På biletet ser vi NLA Høgskulen sin campus på Kalfaret i Bergen.
Gunnhild Lønning
Quo vadis? – Kvar går du hen? Dette spørsmålet stilte eg meg sjølv då eg for mange år sidan opplevde det som om Den norske kyrkja gjekk ein ny veg.
For meg vart svaret å melda meg inn i ei anna luthersk kyrkje, mens svaret på spørsmålet for andre ved NLA Høgskulen vart Den katolske kyrkja. Tilsvarande landa Jan Bygstad i DELK, og Johannes Kleppa er ei tydeleg luthersk stemme i Indremisjonsforbundet.
At vi har så mange alternative forsamlingar i norsk kyrkjelandskap, kan skuldast at det for nokre av oss vart «for trangt» i Den opne, norske kyrkja. Ein annan måte å seia det på, er at det opplevdest som om kyrkja forlet oss fordi ho i for liten grad viste vilje til å halda fast på heile Guds ord.