For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

FRIGJERAR: Eg opplever den trefaldige Gud som frigjerar og ikkje som ein som vil hindra mi personlege utvikling og sjølvstende, skriv Vidar Sætre.

Kristendom som hindrar sann frigjering

Publisert Sist oppdatert

Gunhild de Presno har skrive innlegg i Dagen; 17/11 om forkynning på «The Send», 28/12 om «karismatisk» vekkingsforkynning og 18/3 om Misjonssambandet (NLM) sitt leiarutviklingsprogram.

Ho hevdar at kall til å gå heilt inn for Gud, kan innebera umyndiggjering av mennesket – slik at ein blir hindra i å bli kjend med seg sjølv med heile sin vilje, kjensler og tankar – fordi eigenkjensla resolutt må underkasta seg Guds vilje. Og spesielt påpeika ho at vekta på mennesket som syndig vesen hindrar eigenkjensla; til å få ei positiv tru på seg sjølv som skapt i Guds bilete, til å meistra, lukkast og oppleva eigarskap – som om det må vera ein motsetnad mellom å sjølv få ære og å gje Gud ære.

Rett nok kan me bidra til ærekonflikt mellom oss og Gud, men samtidig kan erfaringar av å lukkast også auka viljen til å æra Gud. I alle fall har eg mange slike erfaringar, og erfaringar av at nederlag – som eg har mange av, har auka motløysa og svekka gleda mi i Gud.

Powered by Labrador CMS