Meninger
USUNT: I kjølvatnet veks talet på ungdomar, ikkje minst jenter, med usunt syn på eigen kropp og somme med lidinga «kjønnsdysfori», skriv Ottar Mikael Myrseth.
Adobe Stock
Konverteringsterapi, kjønnsdysfori og kjensler: Gnostisismen har dukka opp att
På 100-talet kjempa kyrkjefaderen Ireneus av Lyon for å avsløre og forkaste gnostisismen. I dag dukkar det gnostiske menneskesynet fram att. Gnostikarane forkynte at det materielle ikkje kjem frå Skaparen av himmel og jord, men stammar frå ein vond gud og må difor forsakast.
Difor er heller ikkje kroppen frå Gud, og må fornektast. Berre sjela er rein og må frelsast frå kroppen sitt fengsel. Eit menneske kan gjere med kroppen sin som det vil.
Våre dagars identitetsdebatt har sett til side biologien som vitskap om mellom anna kroppen, og erstatta den med psykologien som vitskap om sjela. Når kjenslene trumfar kroppen, står vi overfor same nedvurderinga av kroppen som i gnostisismen.