Kommentar
HOVUDPERSONAR: Bjørn Eidsvåg var seremonimeister i Else Kåss Furuseth sitt bryllaupsstunt i helga. Brudgommen måtte nøya seg med ei birolle. Her frå Eidsvågs 70-årsdag nyleg.
Frederik Ringnes
Kåss Furuseths Spektrum-bryllaup var litt som alle andre. Med mannen i ei birolle
Det er litt herleg at Else pluss Tommy er sant. Men har stuntet noko å melda også om den moderne mannsrolla?
TV-profilen Else Kåss Furuseth gifta seg i helga. Slik cirka, i alle fall. Sjølvaste Spektrum sette rammene rundt kjendis-hendinga, med eit stunt i skjeringspunktet reality, folkefest og laurdagskos.
Med Bjørn Eidsvåg som seremonimeister, og Sigrid Bonde Tusvik i rolla som toastmaster, er det lett å ana konturane av ein sjåarmagnet, sjølv i ein bransje der konkurransen er hard. 7500 gjester og ein velfylt raud løpar. Chris Holsten gav samlivsråd og Christine Koht sprengde fargeskalaen på veg inn til fest.
Med hjartet på bordet