Kan vi nytte ulike briller til å lese Bibelen?

Mi erfaring er at vi alle, uansett syn, kan bli freista til å presse bibeltekstar for å underbygge vår eigen agenda.

For to helger sidan heldt eg og to andre kollegaer eit intensivt bibelkurs, der fokuset er å få auge på Jesus Kristus som den sentrale person og tema frå 1. Mosebok 1:1 til Johannes Openberring 22:21.

Det er så nydeleg å sjå korleis heile Guds ord heng saman i ein einskap, og det er vårt håp at slike kurs skal skape bibelglede og bibeltillit hos unge og vaksne kristne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når vi går gjennom Bibelen på ein slik måte, les vi den i eit «frelseshistorisk» perspektiv.

Heilt frå skaping og syndefall ser vi at Gud openberrer sin dom, nåde og frelse. Det skjer gjennom ufullkomne offer i den gamle pakt, og ved det endelege og fullkomne offer på Golgata.

Heile vegen ser vi mengdevis av forbilde og skuggar av vår Frelsar og Frelsesverket. Ja, det er i sanning godt, oppbyggjeleg og trusstyrkande å lese Bibelen i lys av frelseshistorien!

Midt i dette reflekterer eg over andre måtar og omgrep for korleis ein forstår dei lange linjene i Skrifta, og kor sterke kjensler og motsetningar som vert vekte når ein set desse opp mot kvarandre.

I den klassisk luthersk lære vil ein vektlegge å dele rett mellom lov og evangelium, medan nokre andre vil forstå Bibelen som inndelt i ulike tidshushaldningar (dispensasjonalisme på fint), og der er det mellom anna viktig å dele rett mellom kva som gjeld det jødiske folk og kva som gjeld den kristne kyrkja.

Sjølv har eg vakse opp i eit miljø der sistnemnde syn var dei tilrådde brillene for å forstå samanhengen i Bibelen, og ein del vil nok meine at det er ein tvilsam ballast i livet.

Mi erfaring er (seinast i arbeidet med det nemnde kurset) at vi alle, uansett syn, kan bli freista til å presse bibeltekstar for å underbygge vår eigen agenda. Brillene kan ha så tjukke glas at vi er ute av stand til å sjå andre perspektiv, og det er ei usunn utvikling når brillene vert meir heilage enn Skrifta sjølv.

Læra om tidshushaldningar har vore god hjelp for meg til å forstå utfordrande bibeltekstar, og samtidig har den hatt sine utslag som eg ikkje kan følgje heilt ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det eg sit att med, er ein tanke om at det innan lesing og tolking av Bibelen må gå an å ta av og på ulike briller, slik det er vanleg i dagleglivet elles. Det er ein stor rikdom, og absolutt ikkje ein trussel, å sjå Guds ord frå ulike vinklingar.

Det som er vesentleg, er at det er Bibelen som får vere autoritet over den som les den, ikkje omvendt. Den fana skulle Guds folk samle seg under i vår tid, og det betyr at ein del gamle skiljelinjer med fordel bør viskast vekk.

Les også
Erfaringsteologi – Henriksen og HallesbyMFs utvikling
Les også
Å tolke korsets mysteriumMFs utvikling
Les også
Historisk-kritisk menighet?
Les også
Må skrive kristendommen på nyttMFs utvikling
Les også
Wisløffs skriftsyn og MFMFs utvikling