Johannes Kleppa. Foto: Magnar Børnes

Erfaringsteologi –
 Henriksen og Hallesby

Til tider er det utruleg kva professorar, også innan teologi, får seg til å seia.

I Dagen (15/8) var det eit godt døme på dettedå professor Jan-Olav Henriksen identifiserte seg med professor Ole Hallesby, fordi begge var opptekne med «erfaringsteologi».

Her er det faktisk berre ordet «erfaring» dei har felles, men på ingen måte «teologien».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Saka er at dei to tenkjer stikk motsett om erfaringa sin plass i teologien.

Dette må jo Henriksen vera klar over, og han seier då også at dei tenkjer «litt ulikt om hvilke type erfaring» som skal vera med i utforminga av teologien.

Like fullt hevdar han at det å «tenke teologi og erfaring sammen tror jeg Hallesby og jeg har felles». Hadde Hallesby i si grav fått med seg dette, hadde han nok på flekken gjort ein aristokratisk salto mortale!

Det kan nok reisast innvendingar mot Hallesbys erfaringsteologi, og det kan godt vera at han la for mykje vekt på det subjektive elementet i høve til det objektive i sin systematikk.

Erfaringselementet dreier seg her like fullt om Andens gjerning i den truande med tanke på å lesa, forstå og forkynna Guds ord. Det gjeld «de gjenfødtes teologi». Det har med Andens gjerning i møte med Guds ord å gjera, og dei erkjenningar eller erfaringar dette skaper.

Denne typen erfaring er noko heilt anna og motsett av det Henriksen snakkar om som erfaring. Hjå han gjeld det ikkje det som skjer i møte med Guds ord og Guds Ande, og som med det er styrt av Ordet og Anden, men det som skjer på det allmenne planet og uavhengig av Guds ord.

Denne erfaringstenkinga kom tydeleg fram i Samlivsutvalgets utgreiing (2013), og Henriksen står for det same (Teologisk Tidsskrift nr 4/2013).

Då er det slik at dei erfaringane ein gjer i livet, i familien og i samfunnet generelt skal vera med og avgjera kva som er rett og galt, altså vert dei premissar i det etiske arbeidet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det får rett og slett openberringskarakter, slik at erfaringa i denne teologiske tenkinga får same plassen som tradisjonen i katolsk teologi – faktisk ein sterkare posisjon, fordi denne typen erfaring overstyrer einskildord i Skrifta.

Når professor Harald Hegstad reduserer denne problemstillinga til at Henriksen er prega av «vilje til å gjøre kristen tro gjeldende i dialog med utfordringer i samtiden», er det professoral naivitet, og det er sterkt villeiande når han hevdar at MF-kollegaen er «sentralt bibelsk og kirkelig forankret» (Dagen 21/8).

Dette har Arne Helge Teigen påvist på sentralt dogmatisk plan (Dagen 26/8). Eg får minna professorane i systematisk teologi om at hustavlene, og med det ekteskapet, er del av dei lutherske vedkjenningsskriftene. Dette svarar til Bibelens ord om homofilt samliv og andre synder i forhold til den sunne læra og evangeliet: «...menn som ligg med menn ... som strider imot den sunne læra – etter evangeliet om Guds sæle herlegdom ..» (1 Tim 1,9-11).

Flere debattinnlegg og kommentarer om MFs utvikling og bibelsynfinner du ved å trykke her