Debatt
GRAVFERD: Gravferdsfølgje til journalisten Shireen Abu Akleh.
Mahmoud Illean / AP / NTB
I eit reelt demokrati får eit gravferdsfølgje gå i fred
I Dagen 3. juni, ser eg at Reidar Holtet meiner eg er uetterretteleg i det eg skriv om drapet på den palestinske journalisten Shireen Abu Akleh. Etter hans syn er det fleire feil i innlegget mitt, eg underslår fakta og eg kjem med påstandar som ikkje held vatn.
Det er ikkje heiderleg gjort av han, for eg påstår nemleg ingenting i innlegget mitt – eg viser berre til kva eg les i ulike aviser, og kva eg ser på det famøse gravferdsbiletet.
Derimot kjem Holtet med ei rad lite gjennomtenkte påstandar. Eg kommenterer berre nokre få, den første kjem her: «Han siterer et utsagn om at Shireen ble drept med overlegg, åpenbart av Israel. Hvordan vet han det?»