FAVORITTAR: Terje Berg (t.v.) og Johannes Kleppa er kvarandres favorittar i Dagen-spaltene.

Guds rike og pinseteologi

I meldinga mi av boka «Guds rike og veien til hvile» utfordra eg pensjonert pinsepastor Terje Berg til å klargjera om det som her vert skrive om Guds rike, er i samsvar med «normal» pinseteologi. Det gjorde eg fordi Berg anbefalte boka utan atterhald, samstundes som eg oppfatta framstillinga annleis enn slik eg hadde oppfatta ein lærte og forkynte i pinserørsla om dette viktige temaet. Berg har teke imot utfordringa og gjeve eit etter mitt skjønn sympatisk, godt og opplysande svar, og eg takkar for det.

Berg er så venleg at han omtalar meg som ein av sine «favorittar» i Dagens spalter, og eg returnerer gjerne det med å melda at han er ein av mine «favorittar» i Korsets Seier, der han opptrer som «kulturpastoren». Han skriv der om «troens spor» i litteraturen, og det er ei fascinerande og lærerik spalte, som eg anbefaler folk å lesa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Slik Berg framstiller forståinga av Guds rike i pinseteologien, er i all hovudsak slik også eg som lutheranar tenkjer om det. Han tek då i stor grad opp det som skjer ved Jesu komme til jorda og Jesu forkynning av Guds rike, og kva som ligg i det. Som den velvillig mann Berg er, påpeikar han at forfattaren av boka «Guds rike og veien til hvile» har «det futuriske» i sentrum, og at boka må vurderast ut frå det.

Det har han for så vidt rett i, og eg prøver alltid i bokmeldingane å leggja til grunn den aktuelle boka sine føresetnader og formål. Det er likevel slik at når ein vil skriva evangelisk om «veien til hvile», kan ein ikkje berre fokusera på det framtidige, men ein må basera det på det som skjedde ved Jesu komme til gjorda og hans frelsesgjerning. Berg er nok i meste laget harmoniserande mellom boka og hans eiga framstilling av temaet Guds rike.

Berg opplyser at han og kona dagleg bed Fader vår, og med det bøna «komme ditt rike», og at dei med det bed om at Gud må oppretta «sitt fullkomne rike». Slik bed også eg denne bøna, og med det bed vi om noko langt meir enn tusenårsriket – sjølv om eg trur at også det riket vil ha ein viktig funksjon i framtida, både for Israel og for verdsmisjonen. Det reknar eg med at Terje Berg også trur, sjølv om han ikkje nemner tusenårsriket i svaret.