Ein ekteskapets «Titanic». Eit pensum i empati for oss alle
Kinomørket byr denne hausten på innleving i norsk raknande familieliv. Det er barskt, men alle som heiar på ekteskap og familie bør løysa billett.
Haustens samlivs-snakkis på det store lerretet er på ingen måte ein film med typiske kristen-vibber. Det synest vera lite himmel over livet i den klaustrofobiske heimen der mykje av dramatikken finn stad, for å seia det slik.
Handlinga tek oss rett inn i det norske myndigheiter i ein NOU frå 2019 nøkternt omtalar. «Den norske befolkningen lever i familierelasjoner som er annerledes enn tidligere (...) mer sammensatte, med mine, dine og våre barn.» Akkurat slik er det i «Elskling».
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Effektive filmatiske grep tek oss nærast ubehageleg tett på norsk familieliv i 2024. Filmen er som ein ekteskapets «Titanic», ein veit alt på førehand at noko frykteleg er i emning. Men korleis vil det utspela seg?
Bakteppet er skilsmisse, ny partnar, barn som prøver å tilpassa seg. Moderne menneske på leit etter lykke, mens livets tallause krav hopar seg som haugen på skittentøyskurven.
Kvifor dykka inn i dyster sosialrealisme på veg inn i ein mørknande haustsesong?
Filmen er som ein ekteskapets «Titanic».
Kristne har ofte sterke synspunkt på samliv, skilsmisse og familieliv generelt. Det er det også gode grunnar for.
Bibelen legg truskap og forplikting innover oss. Kristen etikk presenterer ekteskapet mellom mann og kvinne som ei pakt, der også Gud har ein sentral plass. Tanken er at vaksnes samliv ikkje er eit sjølvrealiseringsprosjekt, men tvert om eit vern for småbarn som etter kvart blir sårbare ungdomar.
Ein slik relasjon der «eg har strekt meg etter deg, og du har strekt deg etter meg», som Odd Nordstoga formulerer det i «Dagane», ei av dei vakraste kjærleiksvisene som finst på norsk.
Idealet er uoppgiveleg, og blir ikkje mindre aktuelt i møte med skiftande realiteter. Tvert om.
Men slik Jesus sette seg ned med kvinna ved brønnen, treng vi å setja oss ned og sjå etter. Lytta til folk. Forstå det som gøymer seg i statistikk og offentleg utgreiingar.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Slik Jesus sette seg ned med kvinna ved brønnen, treng vi å setja oss ned og sjå etter.
Nemleg at ekteskap er krevjande i eit samfunn som tømer det for funksjonar og nytteverdi. Det moderne ekteskapet minner om ei journalistisk ei-saks kjelde. Ofte står og fell alt på ein påstand om romantisk kjærleik.
Når ytre band av plikt og forventning er løyste opp blir lakmustesten om ein er fri, autentisk og tru mot seg sjølv. Kor fort slik fridom liknar einsemd!
Det er denne krevjande fridomen som blir så meisterleg utforska og forsøkt formulert i filmen «Elskling».
Som folk flest strevar hovudpersonen med å sjå seg sjølv når livet dreg seg til. Det er så sannferdig spelt ut, at det tidvis vert smertefullt.
Den psykologiserande orsakinga for alt dei vaksne finn på, er dessutan tona ned. Det gjev rom for barna som aktørar på ein måte vi sjeldan ser i samlivsdrama.
I NOU-en eg viste til over, finn vi formuleringar av typen som gjerne florerer som byråkratiske munnhell.
«Barn og unge har en annen hverdag og en annen posisjon og rolle enn tidligere. De lyttes til og tas med på råd. Samfunnet er bevisst egenverdien av en god barndom (...)»
Dette er sjølvsagt ikkje heilt feil, men «Elskling» gir truleg eit langt ærlegare bilete på barns strev med foreldra sine val. Med alle dei nyansar som trengst.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Heiar vi på truskap og løftar fram det livslange ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne, bør vi ikkje vera utan innsikt i livet folk faktisk lever. Utan empati, står ein att med kjølig moralisme.
Innsikta gjer meg overtydd om at kristent relasjonsarbeid er noko av det viktigaste vi kan driva med. Førebygging av samlivsbrot er dessverre eit neglisjert felt for sitjande regjering. Håpar denne filmen vekkjer dei opp frå sin uforpliktande døs.
Som KrFs Kjell Ingolf Ropstad heilt rett poengterte her i avisa litt tidlegare i haust: «Familievern har blitt en underfinansiert post i statsbudsjettet over tid».
«Elskling» er verken politikk eller teologi, men ein augeopnar og ein samtalestartar.
Filmen gir meg som kristen høve til å grunna over korleis samtida kuttar ut Gud, men gjerne vidarefører metodane hans.
«Elskling» er verken teologi eller politikk, men han er ein augeopnar og ein samtalestartar.
For «Elskling» minner om at vi menneske treng å koma til sann erkjenning om oss sjølve og situasjonen vår. Om lag som kvinna ved brønnen, ho med eit knippe samlivsproblem fullt på høgde med dei i filmen.
Vitnesbyrdet hennar var merkeleg: «Kom så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan det vera Messias?»
I filmen er Jesus på tidstypisk vis erstatta av terapeuten. Moderne menneske likar å tru at vi skaper oss sjølve.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Men «sanninga set fri». Det stille, men myndige ekkoet frå det evige Ordet gjer seg gjeldande. Også der folk trur dei held Gud på trygg avstand.