Debatt
ROMA: At Romerriket vil gjenoppstå i endens tid, er noko mange kristne er samde om. Foto: Riccardo De Luca / AP / NTB
Dyret i Openberringa – menneske eller verdsrike
Å forstå dyret og dei 7 hovuda på dyret i openbaringsboka som 7 ulike verdsrike, er velkjent. Men vert det mest ikkje uråd å tenke slik, all den tid eit verdsrike då må no vera i avgrunnen (ἄβυσσος)?
For Skrifta seier utrykkeleg at «Dyret du såg, det var, men er ikkje, og det skal koma opp frå avgrunnen.» Like eins skal det «gå bort til fortaping.» Å forstå eit menneske inn i denne Bibelteksten, er ikkje vanskelig. Annleis blir det om det her skulle vera snakk om eit verdsrike.
Når A. L. Saxe meiner at kvar einskild av dei 7 fjell må kunna knytast til ein eksakt konge (keisar), klarer ikkje eg å følgja tanken hans. Det er vel «dei 7 fjell» og «dei 7 kongane» som separate identifikasjons-objekt som skal gi grunnlag til å forstå kven Johannes siktar til. Altså ingen påkravde parallell/knyting mellom eit namngjeve fjell og ein namngjeven konge.