Johannes Kleppa skriver spalten «Innspill» I dagen hver uke. Foto: Magnar Børnes

Den åndelege grunnlova: Høyr, Israel!

På same viset som det finst nasjonale grunnlover, finst det åndelege grunnlover.

Ein grunnlov kan vera av ulik karakter og ulikt innhald, men det som er felles for all grunnlov, er at det er ei lov som definerer det ho er grunnlov for. Ein nasjon er definert ved grunnlova si, og ingen ting i lovverk og styringsverk kan vera i strid med grunnlova. Alt må henta sin legitimitet og si kraft frå grunnlova.

På same viset som det finst nasjonale grunnlover, finst det åndelege grunnlover. Det er det tankestoffet og dei grunnstrukturane som bestemmer ulike ideologar, livssyn og religionar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Endrast grunntenkjinga, endrast alt anna som fylgje av dette. Slik er det også med kristentrua. Eit godt utgangspunkt for grunnlovstenkjinga her er den opplæringslova Moses gav Israel, fordi denne kan definerast som Israels åndelege grunnlov – 5 Mos 6. 4-9.

Denne opplæringsordren byrjar slik: «Høyr, Israel!» Det er sjølve den åndelege grunnlova, alt anna fylgjer av dette.

Skal Israel kunna høyra Guds tale, med alle dei konsekvensane det har, må folket få opplæring i gudskunnskap, særleg borna. Difor vert grunnlova og opplæringslova ei og same lova. Slik har det faktisk vore hjå oss også frå 1814 og fram til vår tid, ved at paragraf to gav plikt til opplæring i evangelisk luthersk kristentru for alle som var medlemmar i denne kyrkja.

Det er eit stort problem for folket vårt, og særleg for kristenfolket, at det no skjer så lite kristen opplæring.

Det som er av kristendomsopplæring, er dessutan ofte upresis eller villeiande. Sjølv om dette har vorte påpeika mange gonger, synest det som kristenfolket, og særleg kristne foreldre, tek det lite på alvor.

Tida går med til alt anna enn å samla seg kristen kunnskap, og kristne foreldre prioriterer for borna sine alt anna enn å syta for at dei får kristen opplæring. Då tek ein ikkje på alvor den åndelege grunnlova som all kristen tru, alt kristent liv og alt kristent arbeid er tufta og forplikta på.

Det er skuleavslutning no, men til hausten startar det på att. Dei aller fleste elevane går i den offentlege skulen, som i røynda er ein avkristna skule – særleg om ein samanliknar med tidlegare tider.

Besteforeldre tenkjer lett i lys av den skulen dei gjekk i, og har ikkje teke inn over seg den negative utviklinga som har vore. Dei som no er foreldre, tenkjer i lys av den skulen dei gjekk i, og trur skulen er og skal vera omtrent som deira skulen, men no litt redusert kristent sett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Resultatet er at ein i stor grad er nøgd med skulen, og den opplæringa borna får der.

Denne haldninga er over tid åndeleg sett katastrofal. Heldigvis er det nokre som har vakna og nokre som gjer noko med situasjonen ved å starta og driva kristne friskular.

Det er å vona at til hausten sender mange fleire borna sine til kristne skular. Går kristne forelde i spissen for dette, vil dei dra fleire med seg. Då kan den åndelege grunnlova få verka med kraft – «Høyr, Israel!».

Les også
Kronprins-barna begynner på private skoler
Les også
Kronprinsparet forstår at folk har meninger om skolevalg
Les også
Stortinget gir lokal vetorett mot privatskoler
Les også
Frykter islamisering av britiske skoler
Les også
Betaler 36.600 kroner i skolepengerHer er KrFUs krav