Dåpen er i sitt vesen det sterkaste uttrykk for biletet om meisteren og læresveinen. Paulus forstod det: Dåpen er livs- og dødsfelleskap med Jesus, skriver Egil Morland. Arkivfoto: Dagen

Dåpen og dopet

I studietida mi ved MF hadde vi ein mild og omsorgsfull svensk professor (Edvin Larsson). Han tala ofte om «dopet i NT», som var hans spesialkompetanse, skriver Egil Morland.

Svensk og norsk er ikkje så ulike språk, men innimellom er det lysår mellom dei. Som her.

Det nye testamentet (NT) seier ingenting om dop, litt meir om rus, men svært mykje om dåp. Det var dåpen Edvin Larsson tala om.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mitt første (språklege) møte med «dopet» har sidan ofte sett tankar i sving. Eg har meir enn ein gong tenkt at den stadige tilvisinga til høge dåpstal har fungert som eit slags dop for folk som ikkje orkar å fullføra eit anstendig resonnement om kva kyrkja er for noko.

Det skjer spesielt når dåpen inngår i ein vanheilag allianse med kyrkjeval og såkalla demokrati.

For kva skjer når dåpstala brått og «uforklarleg» stuper?

Kva gjer ein når dopet ikkje verkar lenger?

Då tek panikken tak. Vi får dårlege videoar som framstiller dåpen som eit stunt. Vi får «drop in»-dåp. Vi får tiltaksplanar som skal gjera dåpen attraktiv.

KIFO ( Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking) sitt representantskap denne veka (2. juni) er temaet for det faglege programmet:

«Når det rokkes ved tradisjon og tilhørighet. Nedgang i oppslutning om dåp i Oslo bispedømme.»

Eg hugsar at Andreas Aarflot ein gong sa at 50 prosent er ei kritisk grense for oppslutnad om kyrkjelege seremoniar. Det som sakte nærmar seg ei slik grense, kan rasa vidare i eit heilt anna tempo når grensa er passert.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forvirringa i situasjonen er tydeleg. Kva gjer vi no? Kva skjer med folkekyrkja?

Vi som alltid har tenkt intensjonalt om «folkekyrkja», det vil sei at kyrkja og evangeliet har som intensjon og vilje å femna om alle, kan nok vera uroa over utviklinga. Men kva med dei som koplar oppslutning til omgrep?

Kan dei tala om folkekyrkje når berre ein tredjedel av fødde vert døypte?

Somme vil tydelegvis – i møte med utviklinga – tru at det er ein gagnleg strategi å forsterka tilpassinga til folkets haldningar og moral. Det er til dømes ufatteleg at nett når vi går inn i ein avgjerande fase i høve til staten, så vil somme satsa heile kyrkjedemokratiet på den eine saka: å endra kyrkja sitt syn på ekteskapet.

Men kor mange vil i framtida forstå poenget med å tilhøyra ei slik kyrkje, ei kyrkje som ikkje er annleis?

Forstå meg rett: Det er vondt, ja, sårt å sjå at dåpen som livsrite og kulturelt avtrykk i det norske folket misser oppslutnad. Men dette er eit resultat av noko anna og langt meir alvorleg.

Det er ikkje eit «fenomen» som kan møtast med tiltak. Om då ikkje tiltaket er ei gjennomgripande fornying av forkynning og teologi.

Larsson si store forteneste var at han viste korleis dåpen i oldkyrkja erstatta Jesu ord: – Følg meg! Då han ikkje sjølv lenger gjekk rundt og kalla menneske til oppbrot, måtte kallet likevel høyrast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dåpen er i sitt vesen det sterkaste uttrykk for biletet om meisteren og læresveinen. Paulus forstod det: Dåpen er livs- og dødsfelleskap med Jesus.

Kan det seiast sterkare?

Les også
Frelse og dåp - eller frelse i dåp?
Les også
Bevissthet om dåp
Les også
Barnedåp ble Allah-avbrutt
Les også
Konservativ krise
Les også
Ryktene om kirkens død bør ikke overdrives
Les også
Misjonærer får lov til å tale i tungerSørstatsbaptistene