Anmeldelser
POLITIKK: 68-generasjonen starta i stor grad med ei politisk radikalisering, skriv Johannes Kleppa.
AP / NTB
1968-generasjonen og teologien
Det ville vore interessant om Jan Ove Ulstein hadde følgt denne boka opp med ei framstilling av korleis og i kor stor grad 68-oppbrotet med sin «oppbrotsteologi» pregar kyrkje og samfunn, teologi og politikk, etikk og diakoni i dag.
Jan Ove Ulstein, pensjonert dosent ved Høgskulen i Volda, er ein allsidig og lærd mann. No har han skrive ei stor avhandling om det som skjedde ved og i forlenginga av 1968-opprøret.
Det var eit internasjonalt fenomen, særleg knytt til universitet og høgskular. Ulstein ser på kva det fekk å seia her i landet, særleg med tanke på teologi og politikk, kyrkje og etikk. Det er ei svært omfattande sak, der mange element grip inn i kvarandre.
Solid dokumentasjon