TEAMWORK: Paulus hadde mange ideal for livet som misjonær. Eit av dei var «teamwork». Ein bør reise fleire saman. I Lystra møtte Paulus den unge Timoteus og han ville Paulus ha med seg på ferda, skriv Egil Sjaastad.

Timoteus og oss: Teamwork

Paulus hadde mange ideal for livet som misjonær. Eit av dei var «teamwork». Ein bør reise fleire saman.

I Lystra møtte Paulus den unge Timoteus. «Han hadde godt vitnemål mellom brørne i Lystra og Ikonium. Han ville Paulus ha med seg på ferda. Han omskar han av omsyn til jødane som budde i dei bygdene der ikring, for alle visste at far hans var grekar» (Apg 16,2–3).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I rekrutteringa til ulike tenester i kyrkje og misjon ser vi ofte etter folk med erfaring. Vitnemål frå medkristne spelar også inn. Det same gjer alder. Unge medarbeidarar kan raskare kome på bølgjelengde med born og unge. Eldre medarbeidarar representerer gjerne større åndeleg tyngde. I eit team kan dette skape eit sunt samspel.

Timoteus svara ja. Han godtok også å bli omskoren. Dei søkte nemleg innpass i ulike synagogar. Kva skulle dei der? Dei skulle fortelje om den nye tida som var komen med Jesus (og der omskjering ikkje er noko frelseskrav).

Forbøn høyrer med i alle gode medarbeidarteam – også etter at teamet er oppløyst. Som ung var eg nokre dagar samen med ein erfaren forkynnar. Fleire år etterpå møtte eg han att. «Eg har bede for deg kvar dag», sa han.

Eg kjende meg som ein Timoteus – som Paulus bad for. Og liksom Timoteus visste eg: Også andre bad, nemleg nokre som budde i «mitt Lystra».