BERRE BIBEL: Jorun Vang, leiar i Toten kyrkjeakademi, viar ein time til høgtlesing frå Bibelen kvar torsdag fram til påske.
Halvor Vang
Les høgt frå Bibelen kvar torsdag fram til påske – og inviterer heile bygda med
– Eg kjem til å lese sjølv om eg sit åleine i kyrkja, seier Jorun Vang frå Nord-Toten.
Kvar torsdag klokka 1800 blir det ope hus i Nordlien kyrkje på Nord-Toten i Innlandet fylke.
Då kan lokalbefolkninga komme som det passar dei, forsyne seg med kaffi og sette seg ned og lytte medan Jorun Vang les i Bibelen for dei.
Vang er leiar i Toten kyrkjeakademi. Etter timen med høgtlesing er over kan dei som vil bli igjen og samtale om det dei har høyrt.