Gudstenester på 15 minutt skal trekkje fleire til kyrkja
Prest i Wales satsar på mikrogudstenester på måndagar for travle menneske.
Fleire protestantiske miljø i Storbritannia har fatta interesse for konseptet til den katolske presten John Gillibrand i den walisiske byen Swansea.
– Eg har tru på teologisk refleksjon, og i perioden etter covid og det som skjedde då, har eg tenkt på dei potensielle problema som folk står overfor, seier Gillibrand til nettavisa religionunplugged.com.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Presten ser at folk lever med tidspress. Han trur ei gudsteneste på ein time kan bli vel mykje.
– Eg kjem frå ein liberal katolsk tradisjon. Bøn og ettertanke står sentralt i spiritualiteten min. Gudstenesta er enkel: Bibellesing, refleksjon overlesinga og så ei bøn. Rundt fem minutt kvar, seier han.
Betring etter korona
Church of England melde nyleg at gudstenestebesøket har auka for tredje året på rad, men framleis ligg det under nivået før koronatida.
– Dette er svært kjærkomne nyheiter, og eg håper det oppmuntrar kyrkjelydar over heile landet, seier erkebiskop Justin Welby.
Han er særleg glad for å høyre at fleire born vert med til kyrkja.
– Dette er berre eitt talmateriale, men det viser oss utan tvil at menneske kjem til tru på Jesus Kristus her og no – og innser at det er den beste avgjerda dei nokon gong kunne ta, seier Welby.
Tenkjer nytt om kyrkje
Det store biletet er likevel at få britar går regelmessig i kyrkja. I Church of England er det halvert sidan 1987, ifølgje tal som The Telegraph presenterte tidlegare i år.
Berre i løpet av dei fem føregåande åra var 300 sokn nedlagde. Det er rekordmykje sidan ein begynte å føre oversyn med dette i 1960.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Det er ikkje berre den katolske presten i Swansea som tenkjer nytt for å kome i kontakt med kyrkjeframande. Innanfor Church of England har ein mellom anna satsa på prosjektet Fresh Expressions of Church for å tenkje nytt om kyrkjeliv i eit samfunn som er i rask endring.
Gillibrand fortel at andre prestar rundt i landet har uttrykt interesse for mikrogudstenestene.