For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

LANDSBY: Essam Wilson (27) har søkt vern i landsbyen Tel Skuf der den kurdiske sjølvstyreregjeringa enno har kontrollen. Helst vil også han ut av Irak.

Etter IS: Kampen mot klokka og mistilliten

«Eg stolar ikkje på nokon muslim etter IS», seier ein 27-år gamal kristen mann i ein landsby i Nord-Irak. Det er fullt forståeleg og viser kva avgrunn av mistru som må overvinnast.

Publisert Sist oppdatert

Eg møtte nyleg 27-åringen Essam Wilson i ein landsby ikkje langt nord for byen Mosul. Då IS-barbariet okkuperte Mosul i juni 2014 og deretter landsbyane på den store Ninive-sletta aust for byen, flykta Essam Wilson og alle andre.

Dei flykta i det dei stod og gjekk i. IS-terroristar jaga dei. Ein nabo vende seg mot dei og bad alle kristne dra. «Men eg hatar ingen», legg Essam til. Bror hans vart funnen drepen utanfor familieheimen etter at han hadde vore tolk for amerikanske soldatar i Basra i Sør-Irak.

Til heimelandsbyen reknar han aldri meir med å koma, der har ein sjia-muslimsk milits teke kontrollen etter at sunnimuslimske IS vart tvinga vekk. Essam Wilson har søkt ly i nabolandsbyen der det er dei kurdiske peshmerga-styrkane som har kontrollen. «Sjølvsagt ønskjer vi oss til Europa. Men vi har ikkje pengar til å dra».

Powered by Labrador CMS