SKIFTE: Oppmøtet ved gudstenester i Church of England er på stigande kurve.
Bjørn Olav Hammerstad
Fleire går til gudsteneste for fjerde år på rad
Etter mange år med tilbakegang peikar pilene oppover for Church of England. Også andre kyrkjer melder om oppgang.
Talet på britar som gjekk regelmessig til gudsteneste i Church of England i 2024 var 1,02 millionar. Det innber ein vekst på 1,2 prosent frå året før, ifølgje mellombelse tal frå Statistics for Mission report.
Gode nyheiter i nærmiljøet
Det gjennomsnittlege oppmøtet på ein søndag har også auka med 1,5 prosent til 582.000. Tek ein med alle som er innom kyrkja på ei veke, er talet 701.000. Det inngår i ein aukande trend etter pandemien.