KYRKJEKLOKKENE: Oppmodinga til klokkene var ein måte Blix formidla sjølve juleevangeliet på, skriv Egil Sjaastad.

«Ring og lokka!»

Kjære Dagen-lesarar. Mange av dykk hadde nynorsk som hovudmål på skolen. I denne andaktsserien vil eg skrive på nynorsk. Og eg vil prøve å skrive slik at bokmålsfolk ikkje melder pass.

I kvar andakt vil eg sitere eit vers eller to av Blix. Han var den som meir enn nokon «kristna nynorsken».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi startar med den mest kjende julesalmen hans. Det er julekveld, og kyrkjeklokkene kimar jula inn:

«Kling no, klokka! Ring og lokka,

ring og lokka frå tusen tårn!

Tona om frelsa! Kalla og helsa,

kalla og helsa med fred Guds born!

Kling no, klokka! Ring og lokka,

ring og lokka frå tusen tårn!»

Med seks verb vender han seg til klokkene – i bydeform: Kling, ring, lokka, tona, kalla, helsa!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Oppmodinga til klokkene var ein måte Blix formidla sjølve juleevangeliet på. For desse verba skal kjenneteikne all sunn og glad forkynning av Guds ord. Ingen kan tvinge nokon inn i Guds rike. Men vi kan kalle og lokke på folk ved å vise til Guds store frelsesgjerningar i Jesus.

Også vi som alt er Guds born, treng denne innbydinga. Om igjen og om igjen. Så kjære forkynnarar: Kall på oss, ja, lokk på oss, og hels oss med den freden Gud har stifta gjennom Jesus!