PÅDRIVAR: Produsent og låtskrivar Erik Hillestad har i årevis vore ein sterk pådrivar for kyrkjekonsertar og har kritisert nedstenginga av kyrkjene og den landsdekkjande kyrkjebenkregelen.
Foto: Heiko Junge / NTB
– Vi treng julekonsertane og dei tredimensjonale møta
Når julekonsertane i kyrkjene for det meste stilnar, er det ikkje berre musikkopplevinga som forsvinn, ifølgje mannen som har følgt utviklinga tett frå si eiga kyrkje.
– Generelt snakkar ein om at færre går i kyrkja. Men kyrkjekonsertane ved juletider nyanserer dette biletet – det er kanskje fleire som går i kyrkja totalt no enn før. Kyrkjekonsertane har vorte eit ritual: Jula er syntesen mellom det folkelege og det sakrale – det einaste som er igjen av ei slags allmenn åndelegheit hos mange, seier Erik Hillestad.
Prestesonen og musikkbransjeveteranen er ein av dei mest anerkjende produsentane i Noreg og står bak Kirkelig Kulturverksted og Kulturkirken Jakob i Oslo. Han trur jula er særleg eigna til å forløyse mange aspekt av menneskelivet.
– Jula er glede og søte og uskuld, og gjennom denne bodskapen så treng ein inn til noko i oss. Samtidig er det også djupare element, om ein liten, sårbar, fattig familie på flukt. Alt av lykke og glede hos oss byggjer opp eit reservoar av potensiell sorg over framtidig tap – og dette merkar vi særleg i jula. Då kjem alt i relieff av fagre minne om korleis det var før, seier Hillestad – som meiner vi faktisk treng julekonsertane.