«Vi kan ikkje akseptere at misjon degenererer til ei kristeleg utgåve av Raudekrossen eller Redd Barna»

Avtroppande generalsekretær Rolf Kjøde i Normisjon om familieliv, behovet for åndelege røter og tvil på Guds eksistens. Og sjølvsagt: misjonsengasjement.

I dag set Kjøde seg for siste gong på flyet frå Oslo til Ber­gen som ge­ne­ral­sek­re­tær. Sidan i som­mar har han pend­la til ho­vud­sta­den. No vert han vest­len­ding på heil­tid. Dei ti og eit halvt åra på top­pen har vore prega av mykje ar­beid og an­svar, rei­sing og re­pre­sen­ta­sjon.

- Eg har stort sett vore borte to av tre hel­ger. Men det er mind­re enn ge­ne­ral­sek­re­tæ­ra­ne før meg. Rolla jus­te­rer seg litt med ge­ne­ra­sjo­na­ne, men eg mei­ner ge­ne­ral­sek­re­tæ­ren i ein slik or­ga­ni­sa­sjon må ut og tref­fe folk, seier Kjøde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hyg­ge­le­ge hand­trykk er vel og bra, men han har også vore nøydd til å ta tøffe tak. Noko av det førs­te han måtte gå i gang med, var store ned­skje­rin­gar.

- Å be­gyn­ne med som ge­ne­ral­sek­re­tær med å seie opp mange på ho­vud­kon­to­ret, var vans­ke­leg. Noko anna som var vans­ke­leg, var sa­ke­ne som hand­la om kren­kin­gar. Det var ikkje vans­ke­leg å vite kva eg skul­le gjere, men det var vans­ke­leg fordi sa­ke­ne er vonde, seier han.

Den tyngs­te børa har li­ke­vel vore ei anna.

- Den store nauda mi er at vi treng ei ån­de­leg for­ny­ing i det krist­ne Noreg. Eg ber til Gud om at denne ver­ke­leg må råke oss med styr­ke. Det er så utru­leg lett å la seg ta til fange og sløve av den se­ku­læ­re ånda. Det er vel­stan­dens pris, seier Kjøde.

Tan­kens di­sip­pel­skap

Som ge­ne­ral­sek­re­tær har han brukt mykje kref­ter på å ro mot strau­men og gi ret­ning til vi­da­re evan­ge­li­se­ring og mi­sjon.

- Eg mer­kar at når eg får vere i dette opp­dra­get, er det mange men­nes­ke som vert dreg­ne med. Eg har fram­leis tru på for­kyn­nin­ga og møte med men­nes­ke. Eg trur eg er på mitt beste når eg får stå i kom­bi­na­sjo­nen mel­lom å skape re­flek­sjon og be­geist­ring, seier han.

Utan mot­stand skjer det li­ke­vel ikkje. I ei tid då mange snak­kar om di­sip­pel­skap, har Kjøde lan­sert om­gre­pet «tan­kens di­sip­pel­skap».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Det er mange krist­ne som lever med ei kris­ten tru, men let seg av­krist­ne tanke­mes­sig. Vi må ikkje tru at dette ikkje slår inn på trua, seier han.

Evig sikte­mål

Mel­lom anna ser han mang­lan­de in­ter­es­se for mi­sjon som eit sym­ptom.

- Men­nes­ke som du tenk­te skul­le la seg tenne av evan­ge­li­et, vil hel­ler at du skal snak­ke om det so­sia­le ar­bei­det vi driv. Vi ser det også på giv­ar­ak­sjo­na­ne våre. Re­spon­sen til grå­tan­de og le­an­de born er let­ta­re å mo­bi­li­se­re enn en­ga­sje­men­tet for at folk må bli frels­te. Men for meg er sjøl­ve driv­kraf­ta i mi­sjo­nen at det er mange folke­slag som ikkje er nådde med evan­ge­li­et, seier han.

I eit evig per­spek­tiv sy­nest han det er «nes­ten umoge­leg» å leve med dette.

- Vi kan ikkje ak­sep­te­re at mi­sjon de­ge­ne­re­rer til ei kris­te­leg ut­gå­ve av Raude­kros­sen eller Redd Barna. Eg vel­sig­nar slike or­ga­ni­sa­sjo­nar for alt det gode ar­bei­det dei gjer, men vi har eit opp­drag som pei­kar mot det evige, seier han.

Teikn til håp

Ned­gan­gen i norsk og ge­ne­relt vest­leg mi­sjons­inn­sats står ikkje til å nekte. Lang­tids­mi­sjo­næ­ra­ne har vorte færre, gåve­inn­tek­te­ne held ikkje tritt med løns­veks­ten, abon­nents­tala på mi­sjons­bla­da mink­ar, opp­mø­tet på ge­ne­ral­for­sam­lin­gar like så.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Ser du teikn som tyder på at det kan snu?

- Vi ser at Ung­dom i Opp­drag er or­ga­ni­sa­sjo­nen som har vekse dei siste åra. Det betyr at det er mo­ge­leg med ein ung etter­vekst. Sam­stun­des ut­ford­rar tren­da­ne ar­beids­møns­te­ret til mi­sjons­or­ga­ni­sa­sjo­na­ne. Tida for lang­tids­mi­sjon er ikkje over, men spørs­må­let er kva art rolla skal ha, seier Kjøde.

Sær­leg ivrar han for å ut­vik­le part­nar­skap med kyr­kjer og mi­sjons­rørs­ler i Sør - som kan in­spi­re­re og vi­ta­li­se­re kyr­kjer i Ves­ten.

- Sam­stun­des som vest­leg mi­sjons­inn­sats har gått ned, har den to­ta­le mi­sjons­inn­sat­sen i verda gått opp. Når eg for­tel om dette, opp­le­ver eg at det kjem eit slags nytt mot i mange, seier han.

Son av «Sunn­mørs­bis­pen»

Kjenn­skap til rolla som kris­ten­lei­ar har han fått inn med mors­mjøl­ka. Faren er den vi­ta­le indre­mi­sjons­pro­fi­len Gun­nar Kjøde, som fram­leis er vital i ein alder av 91 år. Som mange­årig krins­sek­re­tær i Sunn­mø­re Indre­mi­sjon fekk Kjøde se­nior til­nam­net «Sunn­mørs­bis­pen».

- Eg har vore med­vi­ten på at eg ikkje skal ko­piere han. Mel­lom anna trur eg at vore mykje næ­ra­re på borna mine i opp­veks­ten enn far min var. Men borna våre var alle­reie ute av hei­men sjølv om eg berre var 44 år gam­mal då eg vart ge­ne­ral­sek­re­tær, seier Kjøde.

Av natur er ikkje Rolf Kjøde fullt så so­si­al som faren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg treng tid til å vere for meg sjølv og ten­kje. Eg hen­tar res­sur­sa­ne mine i å trek­kje meg til­ba­ke. Men eg har lært meg at det ikkje er nok i lei­ar­skap, seier han.

Kjøde ved­går at han er utol­mo­dig av natur. Han har måtta øve seg i ak­sep­te­re at pro­ses­sar tek tid.

For­står ate­is­tar

Trass i at han er ein pro­fi­lert kris­ten leiar, har Kjøde hevda at han ikkje er sær­leg re­li­giøs av seg. Han stre­var etter eiga ut­segn meir med å for­stå nyre­li­giø­se enn ate­is­tar.

- Når eg av og til har slåst med trua, har det gått på det grunn­leg­gjan­de spørs­må­let om Guds ek­sis­tens. Men gitt at det finst ein per­son­leg og ska­pan­de Gud, mei­ner eg evan­ge­li­et gir eit vel­dig re­le­vant svar på den ut­ford­rin­ga som denne verda har. I kam­pen med Gud og hans ek­sis­tens, mei­ner eg også at Bi­be­len gir det klart beste og ty­de­le­gas­te sva­ret på kor­leis vi kan snak­ke om oss men­nes­ke som per­son­ar, sier han og utdju­par:

- Kor­leis kan vi vere per­son­ar der­som vi ikkje har eit per­son­leg opp­hav? Og kor­leis kan vi ha ein all­menn­gyl­dig etikk der­som det ikkje finst ein øvste lov­gi­var? Dette fell best på plass med trua på ein per­son­leg Gud som har skapt oss. Og med dette ramme­ver­ket, vert evan­ge­li­et nød­ven­dig, seier han.

Sø­kjer røter

Bede­hu­set var den sjølv­sag­de re­fe­ranse­ram­ma for Kjøde frå opp­veks­ten. Yr­kes­li­vet har også vore knytt til dei meir eller mind­re låg­kyr­kje­le­ge mi­sjons­or­ga­ni­sa­sjo­na­ne. Sam­stun­des har han etter kvart kjent eit au­kan­de behov for å sjå seg sjølv som del av ein stør­re sa­man­heng, til ei kyr­kje som har lange røter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg kjen­ner meg att i ut­seg­na til ein ven som sa at han var ein betre bi­bel­le­sar enn bedar. For meg har det hjelpt å falle til­ba­ke i dei gamle, fer­dig for­mu­ler­te bøne­ne, seier han.

Er­fa­rin­ga hans er at mange stre­var med dår­leg sam­vit for eit sløvt bøne­liv.

- Også vi som ikkje trur løy­sin­ga er å verte ka­to­lik­kar, treng å verte med­vit­ne om at vi har ein tra­di­sjon. Bede­hu­set stod aldri ålei­ne, min­ner han om.

Dei fles­te mi­sjons­ve­ner også kon­takt med kyr­kja, med sine faste for­mer. Når mi­sjons­or­ga­ni­sa­sjo­na­ne i stør­re grad byg­gjer sjølv­sten­di­ge for­sam­lin­gar og kyr­kje­ly­da­ne ut­vi­dar virke­fel­tet sitt, mei­ner han det er vik­tig at dei hen­tar inn det gode frå kvar­and­re.

- Kyr­kje­ne treng dei frie bøne­ne og bede­hu­set dei faste. Eg trur det faste fri­gjer det frie, seier han.

No er han fri­gjort for plik­te­ne som leiar for ein av dei størs­te mi­sjons­or­ga­ni­sa­sjo­na­ne i lan­det. Ei­gent­leg skul­le han gått av ved nytt­år.

Då lands­sty­ret av­gjor­de at Ing­var Tors­vik li­ke­vel ikkje var den rette man­nen som etter­føl­gjar, vart Kjøde beden om å ta tre må­na­der eks­tra. Fram til 1. sep­tem­ber skal han ha stu­die­per­mi­sjon og jobbe med mi­sjons­teo­lo­gi.

Der­et­ter be­gyn­ner han som leiar for kurs- og opp­drags­verk­sem­da til NLA Høg­sko­len.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så får fram­ti­da vise om dette vert siste post på CV-en.

Dagen

Rolf Kjøde

Fødd 18. august 1959

Gift, to born

Utdanna teolog ved Menighetsfakultetet

Har tidlegare vore lærar ved Bildøy Bibelskole, studentprest i Bergen, rektor ved Lagets Bibel- og Evangeliseringssenter og Mandal, dagleg leiar i Norme (Norsk råd for misjon og evangelisering og leiar for internasjonal avdeling i Normisjon

Går av som generalsekretær i Normisjon måndag 31. mars, ein jobb han har hatt sidan 2003

Les også
- Vi har mislyktes med å gi evangeliet videre«Sendt»
Les også
- Jeg er ikke så opp­tatt av å sette gren­ser som å sette friNy generalsekretær i Normisjon
Les også
Godt med avklaring for Normisjon
Les også
Leder i vanskelig terreng