Shoaib Sultan (bildet) bedriver religionsvurdering og religionskritikk på svært sviktende grunnlag, skriver Johannes Kleppa. Foto: Arnfinn Pettersen

Shoaib Sultan- Bibelen og Koranen

Etter mi vurdering er Sultan sine «frispark» generelt meir tilslørande og forvirrande når det gjeld forholdet mellom kristendom og islam, enn opplysande og avklarande.

Shoaib Sultan er fast Frispark-skribent i Dagen. Sjølv som Frispark er ei kommentarspalte som skal vera fri til spark både hit og dit, og frå ulike ståstader, har eg aldri forstått poenget med å ha ein profilert muslim i denne spalta.

Etter mi vurdering er Sultan sine «frispark» generelt meir tilslørande og forvirrande når det gjeld forholdet mellom kristendom og islam, enn opplysande og avklarande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hans innlegg 2. januar (se det nederst på siden) er eit typisk døme på dette, og ein må undrast over at det kan koma frå folk i så framskoten posisjon som Sultan. Det er religionsvurdering og religionskritikk på svært sviktande grunnlag. Ulike storleikar vert her samanlikna som om dei skulle vera av same karakteren – Bibelen og Koranen.

Utgangspunktet er eit påfunn der nokre har hatt eit koranomslag på Bibelen, og så lese avsnitt frå boka. Folk har då trudd at det stod i Koranen, medan det faktisk stod i Bibelen. Det er tydeleg at dei aktuelle skriftstykka har vore frå krigerske tekstar i Det gamle testamentet (GT). Poenget er å få fram at både i Bibelen og i Koranen kan ein finna valdelege tekstar, men at ein ikkje ut frå det kan trekkja slutninga at det dreier seg om valdelege religionar.

Denne måten å halda Bibelen og Koranen saman på, er misbruk av begge bøkene – i alle fall av Bibelen. Då tek ein ikkje deira karakter som openberringsbøker på alvor, og her er det fundamental forskjell på Bibelen og Koranen.

Medan Koranen har ei statisk openberringsforståing, er openberring i Bibelen av framadskridande karakter.

Koranen vart til på kort tid, og vert forstått som direkte meddelt på arabisk. Rett nok er det ei lagdeling mellom den eldste og den yngste delen – det som vert knytt til Medina og Mekka. Der tekstane motseier kvarandre, kan det då vera eit spørsmål om kva lag som har forkjørsrett.

Koranen har ikkje noko som svarar til Bibelens GT og Det nye testamentet (NT), eller til kristendommens gamle og nye pakt.

Bibelen har ein heilt annan openberringskarakter enn Koranen, ved at Bibelen har vorte til over svært lang tid, og der Gud openberrar seg i historia.

Frelseshistoria går då saman med Israels historie, der lovgjevinga og Guds handlemåte er preg av dette. Av denne grunnen er ikkje alt i GT normativt i dag, sjølv om det er Guds ord og var normativt i si tid. GT må lesast i lys av NT.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

NT seier Gud i tidlegare tider «mange gonger og på mange måtar» har talt til fedrane gjennom profetane, medan han no i dei siste dagane har «tala til oss gjennom Sonen» (Hebr. 1,1f). Dette vil seia at vi må lesa Bibelen i lys av Jesus, og knytt til han finn vi ingen «heilag krig»-tekstar, men ei lære om rettferdig krig.

Den enklaste måten å samanlikna islam og kristendom på når det det vald og krig – og i alle andre spørsmål, er å samanlikna Muhammed og Jesus. Då ser vi at Muhammed var krigsherre, medan Jesus unngjekk sverdet. Medan Muhammed er profeten, er Jesus frelsaren.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Les også
Religionens kraft
Les også
En jøde, en muslim og en marsipangris
Les også
Når redselen tar oss
Les også
Det vi kan lære av muslimene