Lesehest: Olina Bjørlykke (100 ½) les Dagen med glede på aldersheimen. Her med en utgave fra 1980.
L. R. Bjørlykke
Med Dagen i 100
100 år gamle Olina Bjørlykke er trofast Dagen-leser. Ho har gøymt aviser i alle år i kasser på loftet, og no sit ho på aldersheimen i Sykkylven og blar i 1980-årgangen.
– Dagen forsvarar det kristelege. Vi treng avisa. Det vert abonnert på det som er ringare enn Dagen, slår ho fast.
I kassene sine har ho utklipp som femner alt frå EEC-debatten og jødane sin situasjon til kristendomsfaget i skulen, familiespørsmål og matoppskrifter. Tanken har vore at alt dette ville ho lese om att når ho vart gammal.
Det er mykje i samfunnet som engasjerer. Olina Bjørlykke les reportasjar i Dagen som ho ikkje finn i andre aviser. Spesielt fylgjer ho med i stoff som omhandlar Israel og konflikten med palestina-arabarane.