LONDON: Mange meiner at dette biletet viser lyrikaren Leif O. Nielsen på bryggekanten i London ein sein sumardag i juni 2013.

Lokal EU-tilhengjar med åtvaring til britane

Den einaste verkelege europearen i Krykkjebakksundet melder seg på i den britiske EU-kamp­en med omsetjing av gamalt limerick.

Krykkjebakkposten UTEN dato

I motsetning til 98,7 prosent av veljarene med postdressse Krykkjebakksundet, har ålefiskar emeritus og potensiell lottomillionær Leif O. Nielsen alltid vore overtydd om at Krykkjebakksundet burde bli med i EEC. Han har same synet når det gjaldt resten av landet.

Fem dagar før britane går til folkavrøysting om såkalle brexit, kastar den lett anglofile krykkjebakksundaren seg inn i den britiske valkampen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nielsen, som sumaren 2013 skapte knute på den diplomatiske tråden mellom Storbritannia og Noreg etter skuldingar om at han skulle ha sett ut åleteiner i Themsen, vil på det sterkaste åtvara britane mot katastrofen som oppstår dersom dei vel å melda seg ut av EU.

– Ikkje minst tenkjer eg på dei britiske ålefiskarane, seier Nielsen i samtale med Krykkjebakkposten.

Frå arkivet dreg han fram eit limerick skrive i 1972, men som av to grunnar vart lite distribuert: Facebook var ikkje oppfunne, og eit større opplag av dette og andre politiske dikt forsvann då Nielsen gjekk seg på sjøen etter å ha snubla i ein taukveil.

– Bittert å tenkja på, seier Nielsen, og minnest dramatikken som oppstod den kvelden han var på veg over fjorden for å distribuera EU-venleg lektyre til alle dei 14 husstandane på Krykkjebakkholmen.

– Kven veit korleis det hadde gått i folkerøystinga om me på ja-sida hadde vore litt heldigare med distribusjonen av informasjonsmateriale, resonnere han.

Eit av dikta lydde slik:

Vil ålen du få ut av teina?

Då kan du kje stå her åleina!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nei, kom og bli med

inn i EEC,

og skit i ka kåno di meina!

Nielsen har omsett verket til dei som neste veke skal avgjera den britiske framtida:

Will you get the eel out of the trap,

Then to EU there can’t be a gap.

No, come now and join

think notes, not just coin.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

And your wife - you should give her a map!

Nielsen var overtydd om at norsk medlemskap i fellesmarknaden ville opna vegen til nye kundegrupper både for salta og røykt ål. Mellom anna ville han føra foredla ål tilbake til folket ved Sargossohavet, området der ålen kjem frå. Leif O. Nielsen hevda på den tida hardnakka at Sargossahavet var eit anna namn på Biscayabukta, ein påstand han trekte tilbake i eit sjølvkritisk limerick forfatta på 80-talet.

– Men er det sant at du sette ut åleteiner i Themsen i 2013?

– Du tenkjer på at politiet fann nokre åleteiner som det stod «LON» på? Det kan vel like godt vera ei forkorting for London. Meir seier eg ikkje meir om den saka, humrar Leif O. Nielsen.

Les også
Ventar tusenvis av skituristar innom mobilt sportskapell
Les også
Kapellanen nektar å vie hetrofile
Les også
Vil gjera pengar på ny tankesmie
Les også
Kongedømet svekka i Krykkjebakksundet
Les også
Nytt selskap tilbyr etiskhøgverdig kampfiksing