Nytt selskap tilbyr etiskhøgverdig kampfiksing

Ei knapp veke før fotball-EM lanserer nystifta selskap eit produkt som skal gjera fotballen ­reinare og vanlege folk litt rikare.

Selskapet har fått namnet Krykkjebakksundet Triksing & Miksing AS, og bak nyskapinga står nokre av dei mest røynde pengespelararane på desse kantar.

– Konseptet går ut på at me kontaktar spelarar som er mistenkte for å vera korrupte og tilbyr dei endå høgare betaling for å spela så godt dei kan. Vi har allereie kontakt med nokre interessante og samarbeidsvillige karar ute i den store fotballverda, påstår Leif O. Nielsen, dagleg leiar i det nye selskapet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kven kan tene pengar på dette, Nielsen?

– Kven som helst, svarar han og syner til meir informasjon på nettsida triksfiks.com. Reglane er litt innfløkte, særleg i spansk, italiensk og russisk google-omsetjing, men Nielsen trur det går seg til ­etter kvart.

– Det er eit godt tips å setja pengar på lag som er mistenkte for kampfiksing. Dei skal i prinsippet gjera det bra dersom dei held seg til avtalane med oss, forklarar han.

Cupbombe

Sidan ålen vart freda har den kjende krykkjebakksundaren offisielt livnært seg på reparasjon av mopedlykter, men pengespel har gjeve kjærkomne ekstrainnntekter.

Allereie i 1973 fekk Nielsen augo opp for den mest lettvinte av alle lettvinte måtar å tena pengar på: 12. mai dette året var Leif O. Nielsen den einaste i landet med tolv rette i tipping, noko som skuldast at 2.divisjonslaget Sunderland detonerte ei såkalla cupbombe ved å slå storlaget Leeds 1-0 etter scoring av ein kar som knapt nokon hadde høyrt om.

Sjeldant resultat

Det høyrer med til historia at Nielsen vann eit privat veddemål mot fem av naboane sine på Krykkjebakken same dagen. Kvelden før sette han 50 kroner på at ein kar med namnet Ian Porterfield ville scora, og kvar av dei dei ikkje heilt edrue naboane vedda 5000 imot.

– Det var ikkje så mange i Krykkjebakksundet som hadde høyrt om Ian Porterfield på dette tidspunktet. Ikkje seinare heller, for den saks skuld, humrar han.

– Har du drive mykje med kampfiksing?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ikkje direkte, svarar Nielsen, som tilstår at han hadde ein finger med i spelet då Krykkjebakksundet spelte uavgjort 14-14 mot Krykkjebakkdalen i ein venskapskamp i fjor haust. Eit sjeldant resultat, som fort vekkjer mistanke om kampfiksing. Mistanken vart ikkje mindre sidan Nielsen sjølv tippa akkurat dette resultatet og håva inn heile potten på 18.575 kroner i eit lokalt veddemål, som etter det Krykkjebakkposten forstår, neppe var klarert med lensmannen.

– Eg baud gutane frå Krykkjebakkdalen på røykt ål før kampen, og det gjorde nok sitt til at det vart eit målrikt oppgjer, seier Leif O. ­Nielsen i dag.