Kapellanen nektar å vie hetrofile

Frida Finckeldrejer seier ho følgjer overtydinga si når ho reserverer seg mot brurevigsle av folk ho ikkje likar.

Humor og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten, hver lørdag i avisen Dagen - og stadig vekk på Krykkjebakkpostens Facebookside.

Det byrja med at soknepresten mista munn og mæle etter ein oppheta diskusjon på onsdagens møte i soknerådet. Deretter vart oppdraget med å via Sandra Famlebust og Glenn Vidar Krykkjebakk overlate til kapellanen. Men Frida Finckeldrejer har sett seg på bakbeina og vil på prinsipielt grunnlag ikkje via heterofile par.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Når brura i tillegg er barnebarnet til den mest ekstreme israelsympatisøren i soknet, er grensa nådd. Dette har eg ikkje samvit til, seier Finckeldrejer, som er leiar og einaste medlem i den lokale Palestinakomiteen.

Samvitssak

Det er ikkje første gongen den profilerte kapellanen nektar å utføra kyrkjelege handlingar. Ho har sagt nei til å via ein Frp-ar, som ville gifta seg med ei enke på Krykkjebakkholmen. Og for tre år sidan uttalte ho her i Krykkjebakkposten at folk som likar dansebandmusikk, får finna seg andre prestar dersom dei «har tenkt å forsudla ein potensiell ektefelle med sin dårlege smak.»

I vinter nekta ho å døypa barnet til ein som har uttalt seg kritisk om el-bilar. Israelvener og familliane til slike er ei anna gruppe som er offer for kapellanens personlege boikott.

– Eg kan ikkje medvirka til handlingar som fører til at sionistiske haldningar blir ført vidare til neste generasjon, seier ho om bakgrunnen for standpunktet.

LES:Er blitt kjendis som minigrisblogger

Religion og politikk

I lokalmiljøet byrjar tålmodet å ta slutt med den prinsippfaste kapellanen. Asbjørn Roger Skuggbergdal, frittalande antifeminist og aktiv kyrkjegjengar på julaftan, meiner ordføraren må på banen så alle innbyggjarane kan få dekt sine behov i ei kyrkje som i stor grad er finansiert over kommunebudsjettet.

Men han har lita tru på at det skjer og syner til at Finckeldrejer utgjer ein del av ordføraren sitt parlamentariske grunnlag.

– Heile Krykkjebakksundet har utvikla seg til ei smørje av politisk makt og kvasireligiøse spesialitetar. Det neste blir vel at slike som meg ikkje blir gravlagt i vigsla jord, seier Skuggebergdal tilKrykkjebakkposten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kapellan Finckeldrejer avviser ikkje ein slik spekulasjon, men trur ho er blitt domprost eller biskop lenge før problemstillinga blir aktuell.

LES:Elbilistar kjenner seg djupt diskriminerte

Biskopen tar jobben

Men giftarmål blir det mellom Sandra og Glenn Vidar og det med biskopen sjølv som vigselsmann. Kvartvard Jordhaug avbryt eit to dagars kurs i religionsdialog i Kuala Lumpur og er venta til Krykkjebakksundet tidleg i ettermiddag.

– Alle skal få dei tenestene­ dei har krav på, også israel­vener og ­heterofile, understrekar biskopen­.

Mer fraKrykkjebakkposten: