Vil gjera pengar på ny tankesmie

Utflyttar vil gjera forretning på alle dei rare tankane som blir tenkt i Krykkjebakksund­et. Trur tankesmia «Skeptiktanken» kan bli en nasjonal suksess.

Så langt er det vel berre Krykkjebakkposten som har tent pengar på alt som blir tenkt, sagt og gjort i Krykkjebakksundet og Krykkjebakkdalen, men dette vil professor Pukkvald W. Gaukhei ha ei forandring på.

Professoren, som er svoger til ordførar Bergliot Gaukhei, vaks opp med friske historiar og heftige diskusjonar på benken utanfor handelslaget, og som fast abonnent på Krykkjebakkposten konstaterer han at tankelivet er meir spanande i heimbygda enn der han sjølv jobbar – nærare bestemt på det som skal vera eit universitet i Amerika.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje alle i Krykkjebakksundet er overtydde om at utflyttaren han har ein slik jobb.

Stort potensial

Pukkvald W. Gaukhei reiste frå Krykkjebakksundet som 18-åring, men har halde god kontakt med heimtraktene. Han påstår å ha spelt ei sentral rolle ved opprettinga av fleire tenketankar i Amerika, og no kastar den røynde tankesmeden augo på ressursane i bygdene våre.

– Krykkjebakksundet og Krykkjebakkdalen er som skapt for slike institusjonar, seier professor Gaukhei.

– Er det noko spesielt du tenkjer på?

– Eg vil heller seia det slik: Er det noko spesielt egikkje tenkjer på? svarar professoren og utdjupar:

– Krykkjebakksundet er jo eit raritetskabinett når det gjeld tankar og idear. Tenk på gamle Ludvig Lindeflåten og hans teoriar om tibetansk verdsherredøme. Og Asbjørn Roger Skuggebergdal, som vil jaga kvinnene tilbake til kjøkkenbenken. For ikkje å snakka om svigerdottera hans, Gloria Priscilla, som går til søksmål mot 17.mai-komiteen etter at ho sølte ketsjup på bunadsskjorta. Og enno har eg ikkje nemnd eks-pastor Raunvald og blogginga hans.

– Kvar ligg det kommersielle potensialet i slike tankar?

– På mange plan. All mi forskning byggjer på ein hovedtese, nemleg at det bur ein kverulant i kvart einaste menneske. Det gjeld berre å trykkja på dei rette knappane slik at kverulanten kjem til sin rett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kan du vera litt meir konkret?

– Tenk på advokatbransjen og potensialet i den typen erstatningssaker, som det er så få av i dagens Norge. Kjem ketsjup-saka til rettsapparatet, kan eg lova at fleire vil følgja etter, forsikrar professoren.

Han nemner forsikringsbransjen som ei anna målgruppe for den planlagte tankesmia.

– Får me fart på erstatnings­sakene, vil det oppstå stadig nye ­behov for forsikningsprodukt, ­seier Gaukhei.

Han trur også at politiske parti i opposisjon kan ha nytte av «Skeptiktanken» sine tilbod av politisk ukorrekte idear.

Laber stemning

Heime i Krykkjebakksundet er det liten stemning for professoren sine idear. Fleire me snakka med utanfor handelslaget i går ettermiddag, antyder at Pukkvald Gaukhei slett ikkje er professor, men ein uhelbredeleg tøysekopp, som gjerne ringjer til avisredaksjonar når han kjedar seg.

– Sist eg snakka med Pukkvald, selde han støvsugarar i Somalia og var gift med Marilyn Monroe, seier barndomsvenen Leif O. Nielsen.

Gloria Priscilla Skuggebergdal reagerer på namnet:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Me har jo allereie ein skeptiktank i Krykkjebakksundet. Det veit alle som har over gjennomsnittet god luktesans, påpeikar ho.