Kongedømet svekka i Krykkjebakksundet

Ein gallup utført for Krykkjebakkposten syner at det bles ein republikansk vind i bygdene våre.

Det lokale tålmodet med kongehuset er i ferd med å ta slutt, syner ei kvaliatitv undersøking me gjorde utanfor handelslaget torsdag ettermiddag.

Nokre dagar tidlegare hadde det tikka inn ei melding om at kongeparet legg ut på ei såkalla jubileumsreise med kongeskipet denne sumaren. Fleire norske byar skal vitjast, og på kvart strandhogg skal 300 gjester inviterast til hagefest.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men heller ikkje denne gong­en stod Krykkjebakksundet på lista over stader som får kongeleg besøk. Den nedslåande meldinga kjem knapt eit halvår etter at Krykkjebakksundet ikkje var nemnd med eit ord i kongens nyttårstale.

Fleire årsaker

Av 20 spurde svarar 12 «ja» på spørsmålet om kongehuset har utspelt si rolle. Fem svarar nei, medan dei siste tre meinte me var i beit for lokale saker sidan me byrjar å skriva om rikssaker.

Gallupen vår syner at misnøya med kongehuset er samansett og personleg. I Krykkjebakksundet – og truleg også i Krykkjebakkdalen – finst det mange og høgst sprikande årsaker til at kongehuset ikkje lenger står stå sterkt som sist me gjorde ein tilsvarande gallup, nærare bestemt i slutten av mai 1945.

Vonbrot på vonbrot

Ordførar Bergliot Gaukhei var lenge ein varm tilhengjar av ­kongehuset, men begeistringa fortok seg då ho i haust reiste til Oslo med nysteikte kveitebollar og invitasjon til opning av det første kommunestyremøtet i den nye kommunen. Ho vart stogga av ein brysk gardist, som rett nok tok imot bollane med ein smil, men sidan har ho ikkje høyrt ­noko frå kongehuset.

Frida Finckeldrejer, kapellan og performanceartist, er sjokkert over at «den såkalla kunstinteresserte dronninga» ikkje ville opna haustutstillinga i Krykkjebakksundet, medan israelvenen Framstein Famebust er forbitra over at han ikkje vart invitert til slottsmiddagen då Israels presient vitja Noreg for to år sidan.

Ikkje veto

Ludvig Lindeflåten, konspirasjonsteoretikar og Tibet-skeptik­ar er skuffa over at kongen ikkje ville­ skriva forordet i boka der han ­åtvarar mot Dalai Lama.

Leif O. Nielsen er vonbroten over at den elles så fiskeinteresserte kongen ikkje la ned veto då ålen vart freda.

– Med slike forventningar er det blitt vanskeleg å vera konge, konkluderer politisk redaktør Tarald Stangballe.