EGEDE: Gjennom måten han og kona stelte for dei sjuke under koppeepidemien i 1733, var det tydeleg at dei hadde ein kjærleik for folket dei arbeidde blant, ein kjærleik som var så sterk at dei sleit seg helselause, skriv Olav Vestbøstad. På biletet ser vi statuen av presten Hans Egede i Nuuk på Grønland.

Grønlands apostel

3. mai 1721 la skipet «Haabet» ut frå Bergen. Om bord var 46 personar under leiing av presten Hans Poulsen Egede (1686-1758). Etter to månader kom dei fram til øya Kanag, like ved det som i dag heiter Nuuk, største byen på Grønland.

Hans Egede fekk 15 år på Grønland og vert kalla Grønlands apostel.

I Nuuk er det reist ein statue av Egede. I juli i fjor var det folkeavrøysting om ein skulle la statuen stå eller om den skulle rivast.

Omtrent 40 prosent ville fjerne Egede frå sokkelen. Hovudgrunnen er at Hans Egede vert sett på som leiar av koloniseringa av Grønland.

Egede var fyrste lutherske misjonæren som reiste ut frå Norge. Dette var i dansketida, og Egede hadde komme i kontakt med misjonstanken då han studerte teologi i København i 1704-1705.

På den tida sende kong Fredrik IV ut dei fyrste lutherske misjonærane til den dansk-norske kolonien i Trankebar i India.

Kallet til Grønland vakna i Egede då han las om den norrøne busetjinga der. Han ynskte å forkynne Kristi evangelium for dei «barbariske» grønlendarane.

Egede skreiv til bispane i Bergen og Trondheim og sa seg klar for å reise til Grønland som prest. Bispane var positive, men hadde ikkje økonomi til å sende han.

Egede vende seg då til kongen i København, men utan hell. Etter ca. 10 år som prest i Lofoten, flytta Egede med familien til Bergen for å få finansiering til misjonsarbeid på Grønland frå næringslivet i byen, men arbeidet gjekk trått.

I mars 1721 fekk Egede endeleg brev om at han skulle få støtte frå kongen, og snaue to månader seinare drog han i veg.

Sjølv om 300-årsjubileet for Egede si avreise til Grønland går relativt upåakta hen, ynskjer eg likevel å heidre han som den pionermisjonæren han var.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dersom me vurderer misjonærtenesta hans med målestokkar frå 2021, vil han nok falle gjennom på fleire område, men eg er likevel imponert og inspirert av Hans Egede. Eg vil nemne fylgjande punkt:

Kallet om å forkynne evangeliet til menneska på Grønland prega Hans Egede for livet. Også etter at han måtte dra derifrå, bar han det med seg i hjartet.

Han vart leiar for det grønlandske misjonsseminaret i København, skreiv bøker og underviste om Grønland. I 1740 vart han utnemnd til biskop over Grønland. Tenesta vart endra, men kallet var det same.

Kallet førte Hans Egede inn i mange ulike kampar. Fyrst var det ein lang kamp for å komme seg til Grønland. Livet der var heller ikkje lett.

Klimaet var røft, og øya var isolert frå omverda store delar av året. Kosthaldet var dårleg, og Egede sleit med å knekke den grønlandske språkkoden.

Det målbare resultatet av misjonsarbeidet var så som så. Fyrste talen på grønlandsk heldt han etter 2,5 år, men den var ganske uforståeleg for tilhøyrarane.

Det gjekk nesten sju år før fyrste grønlendaren vart døypt. Det hardaste slaget var at den kjære kona hans, Gjertrud Rask, døydde i 1735. Då var allereie Egede så utsliten at han hadde fått innvilga at han skulle få reise frå Grønland.

Det var Kristi kjærleik som tvinga Hans Egede til å reise til Grønland. Sjølv hadde han problem med å elske folket der.

Han var vennleg mot dei og fekk kontakt, men klaga over lukta i dei overbefolka hyttene med osande tranlamper.

Gjennom måten han og kona stelte for dei sjuke under koppeepidemien i 1733, var det tydeleg at dei hadde ein kjærleik for folket dei arbeidde blant, ein kjærleik som var så sterk at dei sleit seg helselause.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hans Egede starta Det Bergenske Compagnie for å drive handel på Grønland. Det liknar på ein strategi som i dag blir brukt i område der vanleg misjon ikkje får innpass, nemleg Business as Mission (BAM). Ingenting er nytt under sola, heller ikkje BAM.

Hans Egede kjende ikkje kontesktualisering-tanken, men gjorde likevel eit stort arbeid for å forstå kulturen, kartlegge språket, og finne ord for sentrale teologisk omgrep som synd, æve og heilag. Då han skulle omsetje Fadervår, lydde 4. bøna slik: «Gi oss i dag vår rasjon av kjøt». Han prøvde også å omsetje Bibelen og forkynne evangeliet på ein måte som folk flest forstod.

I løpet av dei siste 300 åra har mange andre nordmenn gjort som Hans Egede og reist utanlands for å forkynne evangeliet. Misjonærane i dag står på skuldrene til denne målretta pionermisjonæren og fører arven etter han vidare. Han er vel verd å minnast.

Eller slik det står skrive på kista hans: «Berømmelig i Norge, Roesverdig i Danmark, Men Udødelig i Grønland.»