Ein biskops diplomatiske signal?
Eg ser biskopens grep som eit diplomatisk signal for å syna at han ikkje har overhøyrt reaksjonane.
Primo november melde NRK Troms og Finnmark at biskopen i Nord-Hålogaland, Olav Øygard, hadde fråteke soknepresten i Kautokeino undervisningsansvaret for konfirmantane på bakgrunn av preika under ei konfirmasjonsgudsteneste i Maze kyrkje på seinsommaren.
Grunna koronasituasjonen vart gudstenesta streama, og dermed fekk etterkvart lyttarar over det ganske land både høyra og reagera på det som vart sagt. Slik eg har forstått det via media, er det også fyrst og fremst folkets reaksjon biskopen har teke konsekvensen av.
Sokneprestens applisering av dei ti boda på vår tid, med mellom anna omtale av abort, ekteskapslovgjeving og kjønnsskifte har vorte for sterk kost. Biskopen meiner visst dessutan at preika kunne opplevast ubehageleg for unge i utvikling.