Astrid Dalehaug Norheim
Vil ha sjølvstendige forsamlingar
– Ein må ikkje vere avhengig av prestar eller
kateketar, seier Reidar Røyland og ber indremisjonsfolket etablere sjølvstendige forsamlingar.
I går ettermiddag tok generalforsamlinga i Indremisjonsforbundet fatt på den største saka: korleis dei skal opprette og utvikle eigne menigheter - omtalt som forsamlingar - på bedehusa.
Avtroppande nestformann i ImF-styret, Reidar Røyland, innleia til debatten:
– For første gong på tusen år har ein i Den norske kyrkja vedteke ei lære som ikkje stemmer med Bibelen. Kva gjer vi? Skal vi vere langsiktige, må vi byggje eigne forsamlingar og sjølv vite korleis borna våre vert opplærte.