Flygeblad: Sidan midten av februar har Bård Erik Nyvoll og dei andre ungdommane på Godøya sørga for at alle på øya har fått flygeblad kvar veke med informasjon om møteaksjonen.
Foto:Privat
Vekking på Godøy sju veker
Mange ungdommar er frelst i samband med møta på Godøy bedehus på Sunnmøre. Møteserien er no inne i den sjuande veka.
– Vi er imot å seie noko eksakt tal, for det stemmer aldri. Anten er dei fleire eller færre enn det ein trur. Men det vi kan seie, er at det har kome fleire nye med kvar veke.
Det fortel Irene Krokeide Alnes, som hyser dei unge talarane Tor Ingvald Lauvrak og Edvard Tormodsæter og resten av teamet frå Bibelskulen på Bildøy.
– Predikantane tok eit opphald ei veke før påske for å kvile seg, men det var møter her likevel. Då var det ungdomane sjølve som styrte, og det står det respekt av. No er talarane tilbake med ny giv og nye krefter.
Vekkinga starta med møter i regi av Godøy IUF. Ungdommane har heile tida stått i bresjen, men etter kvart har foreldre og besteforeldre kome sterkare med i møta og i å leggje til rette for kaffi og kaker i etterkant.
Ungdommeleg opplegg
– Talarane ønskjer alle velkomen, men møta er lagt opp på ungdomens premissar med friske songar og med ungdomar som deltek aktivt med lovsong og vitnemål. På møta deltek det på det meste 100 til 150 personar, og storparten av desse er ungdomar.
Krokeide Alnes synest det er svært stort det som har hendt, og ho håpar at vekkinga skal halde fram.
Ventar at meir vil skje
– Vi er i stor forventing, for det går menneske som er sterkt kalla og som er på møta. Og eg synst det var eit fint uttrykk som den eine talaren brukte. Han snakka om dei som bryt gjennom og som gjev seg over til Gud. Når dei står fram med si vedkjenning, går dei inn i eit skikkeleg arbeid som bakkemannskap.
Dei nyfrelste tar kontakt med gamle vener og fortel kva dei sjølv har opplevd, og inviterer dei med på møte. Fleire ikkje-kristne har sagt at dei opplever dette som eit positivt «mas» fordi dei ser at det har hendt noko fint og at det er ekte.
-Be og vent på vekking
– Eg vil oppmuntre alle som les Dagen Magazinet om å vente på vekking og om å be om vekking. Her på Godøy har ei gruppe vore samla for å be for bygda kvar tysdag i kvar veke i sju år. Desse kvinnene frydar seg no over bønesvara og dei er sterkt med i bøn vidare.
Krokeide Alnes fortel at dei har bedt konkret med namn for familiar og naboar.
– Det er lurt å be konkret, for då får du sjølv forventning. Og dei som blir bedt for, dei skulle berre visst kva omsorg dei er utsett for. Folk tar timevis av si tid for å be for dei år etter år. Det er litt av ei gåve det, seier Irene Krokeide Alnes.