REAKSJONAR: Donald Trump fekk kraftige reaksjonar på republiseringa av eit KI-bilete der han framstod som Jesus.
Alex Brandon / AP / NTB
Trump fjerna bilete etter storm av protestar frå det kristne høgre
Donald Trump har aldri opplevd ein tilsvarande reaksjon mellom eigne tilhengjarar etter at han flytta inn i Det kvite hus igjen.
Som Dagen skreiv om i går, republiserte presidenten eit KI-generert bilete på Truth Social der han vert framstilt som Jesus. Det kom i kjølvatnet av at han hadde gått hardt ut mot pave Leo 14. etter hans kritikk av Iran-krigen.
Etter aukande motbør valde Trump å fjerne biletet. Presidenten fortalde at poenget med det var å framstille han som ein lege som gjer folk betre.
– Og eg gjer mange menneske betre. Eg gjer folk mykje betre, sa han ifølgje BBC.