KI-generert bilde som viser Donald Trump framstilt som Jesus.
Skjermdump / Truth Social
Trump deler bilete der han er framstilt som Jesus
Publiseringa kjem i kjølvatnet av eit hardt utfall mot pave Leo 14.
I helga skreiv Donald Trump på Truth Social at paven er «SVAK overfor kriminalitet og forferdeleg for utanrikspolitikk. Den amerikanske presidenten hevda også at om «eg ikkje var i Det kvite hus, ville Leo ikkje vere i Vatikanet».
På spørsmål frå reportarar har Trump forklart meldinga.
– Eg synest ikkje han gjer ein veldig god jobb, han likar kriminalitet, gjettar eg, sa Trump ifølgje BBC.